Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Saftfabrikk utfordrar brusgigantane

Saft- og syltetøyfabrikken Lerum i Sogn har konstruert si eiga brusmaskin og lanserer no ein sukkerfri brus. Målet er å selje over ein million flasker i året og samtidig bidra til å redusere det norske sukkerforbruket.

Direktør Trine Lerum Hjellhaug er fjerde generasjon i hjørnesteinsbedrifta Lerum Fabrikker i Sogndal. Foto: Siri Juell Rasmussen
Direktør Trine Lerum Hjellhaug er fjerde generasjon i hjørnesteinsbedrifta Lerum Fabrikker i Sogndal. Foto: Siri Juell Rasmussen

– Vi skal gjere det vi kan for å gi dei beste smakane med minst mogleg sukker. Slik bidrar vi til at nordmenn et og drikk sunnare, seier direktør Trine Lerum Hjellhaug, som er fjerde generasjon i hjørnesteinsbedrifta Lerum Fabrikker i Sogndal, i ei pressemelding.

Det er ikkje kvar dag ei familiebedrift på Vestlandet utfordrar gigantane Coca-Cola og Ringnes. Lerumfamilien brukte kompetansen dei har i eige hus og har fått utvikla ein ny maskin som lagar sprudlevatn med friske smakar frå bær og frukt. Maskinen kosta fem millionar kroner.

Annonse

– Det har vore ei stor investering for oss, men vi er overtydde om at det er verdt det, seier Kurt Lerum i Lerum Fabrikker.

Neste artikkel

Prisboom på svin: Danske prisar passerer norske