Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rema stadig i bølgjedalen

Salet held fram med å falle i Rema 1000, mens resten av daglegvaremarknaden veks.

Vi må byggje stein på stein, seier Rema-sjef Trond Bentestuen. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK
Vi må byggje stein på stein, seier Rema-sjef Trond Bentestuen. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Rema har så langt i år hatt ein negativ vekst på rundt tre prosent for samanliknbare butikkar og ein negativ totalvekst på over éin prosent, skriv Dagens Næringsliv. Tre prosent svarer til rundt 600 millionar kroner i tapt omsetning i første halvår.

Den nye Rema-sjefen, Trond Bentestuen, har inga eintydig forklaring på nedgangen, men trur det kan vere litt tilfeldig.

Annonse

– Dette vil fluktuere. Rema er sterke på enkelte sesongvarer, og noko av nedgangen kan vere forskuvingar, seier Bentestuen til avisa.

Han har elles store forventningar til det nye automatiserte regionlageret til Rema på Vinterbro utanfor Oslo. Det gigantiske lageret skal effektivisere varedistribusjonen til Rema-butikkar over heile Austlandet.

Rema har slite etter motbøren dei fekk då dei lanserte den såkalla bestevennstrategien sin i 2017. Året før fekk dei òg mykje motbør for bruken sin av sperreband for å kunne halde søndagsopne butikkar. I fjor klarte kjeda likevel å ta tilbake noko av det dei då tapte, men strevar altså stadig med å komme på offensiven.

Neste artikkel

Med ryggen mot matmakta