Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rekordane fell i skogbruket

Berre på slutten av 1980-talet har tømmeravverkinga vore større i etterkrigstida enn ho har vore i år. Dei tre første kvartala vart det avverka rundt 7,5 millionar kubikkmeter, om lag 615.000 kubikkmeter meir enn i fjor.

Tømmeravverkinga i år nærmar seg rekordane frå slutten av 1980-talet. Foto Vidar Ruud / NTB scanpix
Tømmeravverkinga i år nærmar seg rekordane frå slutten av 1980-talet. Foto Vidar Ruud / NTB scanpix

Hovudforklaringa på den høge avverkinga er underskot på sagtømmer i Noreg, høg etterspørsel på verdsmarknaden og dermed gode prisar på sagtømmer, forklarer Landbruksdirektoratet.

Sagtømmarprisane har auka sidan ettersommaren i fjor, noko som veg opp for dei låge prisane på massevirke.

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) meiner regjeringa òg skal ha ein del av æra for dei gode tala.

Annonse

– Dei gode tala viser at viljen vår til å satse på næringa blant anna gjennom bygging av skogsbilvegar og kaianlegg gir resultat i form av større hogstaktivitet, seier Listhaug.

Neste artikkel

Trelastprisen løper fra tømmerprisen