Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regjeringa lovar løysing for dei som fall utanfor elsertifikat-ordninga

Oskar Grimstad (Frp) seier regjeringa no må sørgje for kompensasjon for 170 småkraftprodusentar som ikkje får elsertifikat.

Mange småkraftverk som ikkje er med i elsertifikatordninga, slit med lønsemda. Illustrasjonsfoto: Småkraftforeninga
Mange småkraftverk som ikkje er med i elsertifikatordninga, slit med lønsemda. Illustrasjonsfoto: Småkraftforeninga

I går kveld fekk olje- og energiminister Tord Lien overlevert grunnlagsmaterialet for evalueringa av elsertifikatordninga. No startar forhandlingane med svenskane om vegen vidare for ordninga. Det gir nytt håp til småkraftprodusentar som i dag ikkje får elsertifikat.

Les også: Vindkraftbransjen krev løft

– Mange småkraftprodusentar slit tungt. Vi må sjå på elsertifikatordninga no. Det kan bli vanskeleg reint praktisk, men ei ordning må det bli, seier Oskar Grimstad, medlem av Stortingets energi- og miljøkomité for Framstegspartiet.

Då den felles svensk-norske elsertifikatmarknaden vart innført i 2012, fall om lag 170 småkraftverk utanfor ordninga. Dette var kraftverk bygd i perioden mellom 1. januar 2004 og 7. september 2009. Grimstad seier regjeringa må gje ein kompensasjon, sjølv om det skulle vise seg å vere umogleg å overtale svenskane til å inkludere dei 170 i ordninga.

– Vår bestilling er at vi vil ha ei ordning på den eine eller den andre måten for dei som kom dårleg ut av det og ikkje fekk elsertifikat. Dei skal uansett bli kompenserte. Dei 170 vart utsett for ein bløff, seier Grimstad.

Han viser til at den raud-grøne regjeringa før 2009 signaliserte at all småkraft skulle inkluderast i ordninga.

Elsertifikat

Blir også kalla grøne sertifikat.

Er eit tilskotssystem laga for å stimulere til utbygging av fornybar kraft i Sverige og Noreg fram til 2020.

Ordninga går fram til 2020, til 
då skal 26,4 TWH fornybar kraft 
byggjast ut.

Elsertifikata vil gi inntekter til utbyggjarane fram til 2035.

I Noreg blir ordninga forvalta 
av NVE.

Les også: Ordførarar i Vest-Agder krev stopp i kraft-utbygging

Endrar ikkje meining

KrFs medlem i energi- og miljøkomiteen, Rigmor Andersen Eide, seier at Lien no må sørgje for at dei 170 småkraftprodusentane blir ein del av elsertifikatordninga.

– Vi står ved det vi har sagt tidlegare. Vi har sagt at dei skal bli ein del av ordninga og det må dei bli, seier Eide.

Ho viser til at representantar frå Framstegspartiet, Høgre, KrF og Venstre i fjor vår leverte eit Dokument 8-forslag på Stortinget der dei bad regjeringa om å sørgje for at alle småkraftverk bygd etter 1. januar 2004 skulle få elsertifikat. Dåverande olje- og energiminister Ola Borten Moe avviste forslaget kontant og stempla det som rein opportunisme.

Les også: Grøne sertifikat: Venstre lovar meir vindkraft

Må bli einig med svenskane

Høgres Nikolai Astrup er tydeleg på at om det skal skje ei endring, må den skje no.

«Det kan bli vanskeleg reint praktisk, men ei ordning må det bli.»

Annonse

– Om systemet skal endrast, må det skje i samarbeid med svenskane. Dei må bli einige med oss. Eg reknar med at Lien er kjent med vårt engasjement for småkrafta og at han tar det med seg inn i forhandlingane, seier Nikolai Astrup, som er nestleiar i Stortingets energi- og miljøkomité. Astrup presiserer at han ikkje kan forskotere regjeringas behandling av saka.

Må leggje seg i selen

– Eg forventar at regjeringa legg seg i selen for å finne ei løysing. Det er ikkje nødvendigvis så lett. Det skal skje i dialog med Sverige. Men det er ikkje umogleg. Det handlar om politisk vilje, seier Knut Olav Tveit, dagleg leiar i Småkraftforeninga.

Han seier at han tar det for gitt at olje- og energiministeren arbeider for å finne ei løysing.

– Vi tar for gitt at regjeringa jobbar med det, men informasjonen er marknadssensitiv. Vi må ha respekt for at ein må jobbe med spørsmålet i det stille, seier Tveit.

I juni i fjor fortalde Nationen at 15 småkraftverk som ikkje er del av elsertifikatordninga, er teknisk konkurs. 24 vart drive med underskott og 32 hadde så dårleg økonomi at dei vart drifta på dugnad.

– Situasjonen er verre enn i fjor. Låge kraftprisar er årsaka. For mange er situasjonen no svært dramatisk. Dei tel på knappane og er i stuss på kor lenge dei kan drive vidare, seier Tveit.

Les også: Småkraftforeninga: - Dei borgarlege partia er best på småkraft

Fekk ikkje elsertifikat – måtte selje kraftverket

Saman med tre andre grunneigarar starta Tor Arild Elstad utbygging av kraftverket Knutfoss i Elstadelva i Grong i 2008. Utbygginga vart sett i gang etter det dei tre utbyggarane oppfatta som eit klart løfte frå den raud-grøne regjeringa om støtte gjennom elsertifikatordninga.

– Vi sette i gang utbygginga med utgangspunkt i at vi skulle får støtte. Vi kom i ein svært anstrengt økonomisk situasjon då det viste seg at vi ikkje fekk det. Så vi måtte selje, seier Elstad.

Les heile saka i Nationens e-avis. Den kan du kjøpe her.

Neste artikkel

Vedum utelukker ikke Frp-samarbeid i rovdyrspørsmål