Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Reagerer på kutt i landbruksforskinga

– Eg hadde venta at ein statsråd som seier at ho er oppteken av endringar og utvikling ikkje hadde kutta i løyvingane til forsking, seier Per Skorge, generalsekretær i Bondelaget.

Lite offensivt: Per Skorge, generalssekretær i Norges Bondelag meiner kutt i landbruksforskinga er ein dårleg svar på klimautfordringar og regjeringas ambisjonar om auka matproduksjon. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Lite offensivt: Per Skorge, generalssekretær i Norges Bondelag meiner kutt i landbruksforskinga er ein dårleg svar på klimautfordringar og regjeringas ambisjonar om auka matproduksjon. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Det er i framlegget til statsbudsjett at regjeringa foreslår å redusere løyvingane til forsking- og utviklingsaktivitet under Landbruks- og matdepartementet med 18,7 millionar kroner.

Skorge vil ikkje kalle kutta dramatisk.

– Men for ei regjering som seier at dei har ambisjonar om å auke matproduksjonen , er det ikkje tvil om at forsking og utvikling burde vore satsingsområde. Budsjettframlegget osar ikkje akkurat av satsing, seier Skorge.

– Regjeringa snakkar også gjerne om mattryggleik og antibiotikaresistens. Legg vi til klimautfordringar, er svaret iallfall ikkje å redusere satsinga på forsking, seier Skorge.

Han seier også at det at Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking skal slåast saman, er med og forsterkar situasjonen.

– Dei er dei viktigaste leverandørane av forsking på området. Samanslåing er ein kostnadskrevjande prosess i seg sjølv, og då treng ikkje desse organisasjonane kutt i løyvingane i tillegg, seier Skorge.

Les også: Advarer mot kutt i landbruksforskning

Annonse

I budsjettet til Landbruks- og Matdepartementets budsjett er det også lagt opp til 109 millionar kroner i kutt i postane for overføringar til jordbruksavtalen.

– Heilt vanlege prosedyrar, som kjem volumendringar i ulike produksjonar, seier Skorge.

Han meiner det kan liggje alvorlege signal i det som skjer.

– Ein stor del av kjøtet og mjølka blir produsert i distrikta. Når volumet for desse produksjonane går det, er det grunn til å spørje om det er distriktsjordbruket som slit mest.

Regjeringa set av 29 millionar kroner til Mattilsynet for å prioritere mattryggleik og auka lønsemd.

Neste artikkel

Statsbudsjettet 2019