Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Produksjonen av hestekjøt går kraftig ned

Dei siste ti åra har produksjonen av hestekjøt gått ned med 80 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

At mange ser hesten som eit kjæledyr er ein av faktorane som gjer at bruken av hestekjøt går ned. Foto: Sara Johannessen / NTB Scanpix / NPK
At mange ser hesten som eit kjæledyr er ein av faktorane som gjer at bruken av hestekjøt går ned. Foto: Sara Johannessen / NTB Scanpix / NPK

SSB-tala viser ein nedgang i produksjonen av hestekjøt frå 2008 og fram til i dag. I fjor vart 23 tonn hestekjøt til menneskemat i Noreg. Mange hesteeigarar vel å heller levere dyra til gjenvinning, fortel NRK.

Bedrifta Norsk Protein har sett ein auke av hestar til anlegga sine i mange år. Dei tek imot biprodukt frå slakteri, skjerebedrifter og døde dyr, og dyra blir blant anna til dyrefôr, gjødsel og brensel.

Annonse

– I fjor tok imot vi 2.300 hestar til saman. Kvart år blir det levert fleire hestar til våre anlegg, og slik har utviklinga vore i nærmare 15 år, seier Lars Aashammer, dagleg leiar for Norsk Protein til NRK.

Han trur årsaka til utviklinga kan vere ein kombinasjon av at folk ikkje vil at hesten deira skal bli til kjøt, og at reglane frå Mattilsynet har vorte strengare.

Mattilsynet opplyser at det er fleire faktorar som speler inn. Færre slakteri tek imot hest til slakt enn før, dersom hesten har gått mykje på medisin er kjøtet ueigna som mat. I tillegg ser mange på hesten som eit kjæledyr, og synest det blir unaturleg at han skal etast.

Neste artikkel

Hesten som vår helsefremmende venn