Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Oppdrettslaks har fått giftig stoff i fiskefôret

Mange tonn med norsk oppdrettslaks har fått i seg eit giftig stoff gjennom fiskeforet. Mattilsynet seier likevel at fisken ikkje er farleg å ete.

Mattilsynet meiner fiskefôret aldri skulle blitt brukt i Noreg, men både Mattilsynet og fiskefôrprodusentane meiner likevel at fisken ikkje er farleg for menneske. Foto: Rune Solheim
Mattilsynet meiner fiskefôret aldri skulle blitt brukt i Noreg, men både Mattilsynet og fiskefôrprodusentane meiner likevel at fisken ikkje er farleg for menneske. Foto: Rune Solheim

Stoffet Heksaklorbenzen, HCB, som norsk oppdrettslaks har fått i seg gjennom fiskemjøl frå Peru, kan i verste fall føre til kreft.

Mattilsynet meiner fiskefôret aldri skulle blitt brukt i Noreg, men både Mattilsynet og fiskefôrprodusentane meiner likevel at fisken ikkje er farleg for menneske, melder NRK. Det er informasjon frå fiskefôrbransjen sjølv som fortel at noko har gått gale. Alle dei tre største fiskefôrprodusentane i Noreg har brukt fiskemjølet frå Peru i fiskefôret.

– Dette er ein miljøgift, og i tilstrekkeleg høg konsentrasjon har den ein negativ effekt på helsa. Den kan gi kreft, og den kan påverke sentralnervesystemet, seier seniorinspektør Mette Kristin Lorentzen i Mattilsynet til kanalen.

– Vi har fått inn ei råvare som ikkje skulle ha vore på marknaden, seier kvalitetsdirektør Karl Tore Mæland i fiskefôrprodusenten Ewos.

Annonse

Saman med selskapa Skretting og BioMar ber dei tre produsentane om dispensasjon frå Mattilsynet til å bruke dei vel 1.000 tonn med fôr som allereie ligg på lager. Argumentet er at når fiskemjølet er utblanda i ferdig fôr, er konsentrasjonen av miljøgifta så låg at det ikkje utgjer noko helsefare å ete fisken.

Mattilsynet vil truleg behandle klagen frå fôrprodusentane om omsetningsforbod denne veka.

Neste artikkel

Gjenreisning av Finnmark er godt for Norge