Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Oppdrettarar allierer seg med Dyrevernalliansen

Havbruksorganisasjonen Sjømat Norge har sett seg som mål å betre dyrevelferda i næringa og har fått Dyrevernalliansen med seg på laget.

Laksenæringa skal bli betre på dyrevelferd og har no fått med seg Dyrevenalliansen i utviklinga felles rutinar for dyrevelferd i oppdrettsselskapa. Foto: Hans-Petter Fjeld / NPK

Dyrevernarane skal bidra til utviklinga av eit nytt internkontrollsystem for dyrevelferd i oppdrettsnæringa, fortel Sjømat Norge i ei pressemelding. Rutinane for ein slik beste praksis skal vere klare innan 2021 og skal omfatte alle ledd i produksjonen frå oppdrettsanlegg til slakteri.

– Vi meiner god dyrevelferd er eitt av dei viktige fundamenta for ein etisk og berekraftig sjømatproduksjon, seier Sjømat Norge-sjef Geir Ove Ystmark.

Annonse

Det er som musikk i øyra for Dyrevernalliansen, som skal delta i prosjektet gjennom det nye fagforumet Aquawelfare, som skal vere "en pådriver i arbeidet".

– Vi er letta over at næringa endeleg tar grep og skal bidra med vår kompetanse og vårt perspektiv for at dette skal lykkast, seier vitskapleg rådgivar Susanna Lybæk i Dyrevernalliansen.

Med i Aquawelfare blir forutan Dyrevernalliansen representantar for havbruksselskapa, leverandørindustrien og forskarar med kompetanse på dyrevelferd.

Neste artikkel

Fiskeflåten når sine miljømål utan CO2-avgift