Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Omfattande fiskesmugling er truleg organisert kriminalitet, meiner tollarane

Turistar som blir tatt for omfattande fiskesmugling, har betalt bota på staden. Dette peikar i retning av organisert kriminalitet, meiner Tolletaten.

Aldri før har Tolletaten tatt fleire fiskesmuglarar. Illustrasjonsfoto: Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix / NPK
Aldri før har Tolletaten tatt fleire fiskesmuglarar. Illustrasjonsfoto: Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix / NPK

Ifølgje Fiskeribladet har det vorte beslaglagt 2,3 tonn rein fiskefilet på knapt to månader, noko som utgjer ein fiskekvote på 10 tonn. Aldri før har tollarane tatt fleire fiskesmuglarar.

Kontrollsjef Tom Olsen i tollregion Nord-Noreg meiner mykje tyder på at det ligg organisert kriminalitet bak. Mellom anna kan det verke som smuglarane køyrer fleire saman og har tatt høgde for at éin av bilane blir stoppa.

– Vi ser at dei kan betale høge beløp når dei blir stoppa, men også på måten dei lagrar fisken på og korleis dei legg opp smuglinga. Det er som narkotikasmugling, dei køyrer fleire bilar i spann, ein følgjebil til grensa som køyrer gjennom for å sjekke aktivitet. Vi har òg sett kilovis med vakuumpakka torskefilet som er kasta i skogen like før grensa, seier Olsen.

Selt vidare i Belgia

Annonse

Han trekker mellom anna fram at tre tsjekkarar som vart stoppa med 338 kilo torskefilet, betalte bota på 67.700 kroner på staden. Og i bilen til belgiske turistar fann tollarane det dei kallar ein profesjonell salsplakat, der prisen på norsk torskefilet var sett til 150 kroner per halvkilo – levert på døra i Belgia.

Maksgrense 20 kilo

Reglane seier at ein kan ta med seg 10 kilo fisk eller fiskevarer frå eige fiske når ein reiser ut av Noreg. Dersom ein har fiska i regi av ei registrert fiskeverksemd, er utførselskvoten maksimalt 20 kilo fisk eller fiskevarer, føresett at det organiserte fiske kan bli dokumentert.

Desse reglane gjeld både for nordmenn og utlendingar.

(©NPK)

Neste artikkel

Kommuner taper millioner på at staten overtar skatteoppkreving