Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny pris til kremlikør frå Nordfjord

Likørprodusenten Fjording på Sandane i Gloppen vann onsdag ein internasjonal pris for kremlikøren sin.

Det var under kåringa «World Beverage Innovation Awards» i Nürnberg i Tyskland at gründer Øyvind Løkling fekk den gjeve prisen for beste alkoholhaldige drink.

Likøren Fjording Hazelnut Caramel har tidlegare vunne fleire andre internasjonale prisar.

Annonse

Ingrediensane er norsk potetsprit, spritstabil fløyte, vatn frå fjella i Nordfjord, karamell, hasselnøtt og kakao. Likøren vert produsert av verksemda Gardsbrenneriet på Sandane.

Namnet «Fjording» er visstnok inspirert av fjordhesten og fjorden.

Neste artikkel

Tidligere slakteri-leder kritiserer Nortura for umulig samarbeid