Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny forvaltingsplan skal sikre Rallarvegen

Rallarvegen langs Bergensbanen er både eit kulturminne og ein av dei mest  populære sykkelvegane i landet. Ein ny forvaltningsplan frå Bane NOR skal sikre vegen for framtida.

Bane NOR skal sikre godt vedlikehald av Rallarvegen gjennom ein ny forvaltingsplan Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix/ NPK

Det er Bane NOR som har ansvaret for å forvalte Rallarvegen, som strekkjer seg 80 kilometer frå Haugastøl over Finse til Myrdal, og langs Flåmsbana ned til Flåm. No har dei lagt fram ein ny forvaltingsplan for vegen.

– Planen gjeld for strekninga frå Finse til Kårdal i Flåmsdalen. Dette er den mest autentiske og best varetekne delen av vegen, fortel Marit By, prosjektkoordinator i Bane NOR, i ei pressemelding.

Annonse

Målet med forvaltningsplanen er å ta vare på kulturminna og kulturlandskapet på Rallarvegen. Planen skal sikre at vegen vert sett i stand og utvikla vidare i tråd med landsverneplanen, som er vedteken ved såkalla kongeleg resolusjon. Dette krev eit forpliktande samarbeid mellom lokale og nasjonale aktørar.

– Krav til skjøtsel og vedlikehald av vegen er definerte, og planen inneheld prinsipp for korleis vi skal ta vare på den gamle byggjeskikken. Dei som held vegen ved like skal kunne nytte planen som eit verktøy. Til dømes skal øydelagde stikkrenner byggjast opp att med hogd naturstein slik dei i si tid vart laga, ikkje med plastrøyr, forklarar By.

Sidan 2004 har Bane NOR investert mykje for å stogge forfallet og ruste Rallarvegen gradvis opp att. Den nye forvaltningsplanen er utarbeidd av Bane NOR med innspel frå Hordaland fylkeskommune.

Neste artikkel

Martin (68) finner roen med hesten