Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

NVE krev meir lokal vindkraft-involvering

Vindkraftutbyggjarane får no strengare krav om å involvere lokalsamfunnet i planlegginga og utbygginga av vindkraftverk.

En av vindturbinene i Midtfjellet vindpark i Fitjar kommune. Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix
En av vindturbinene i Midtfjellet vindpark i Fitjar kommune. Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har no sendt brev til alle som har konsesjon for vindkraftanlegg på land, om skjerpa krav til involvering av kommunar og andre lokale interessentar i arbeidet.

– Mellom anna vil NVE før kvar utbygging kalle inn utbyggjaren til møte for å gå gjennom tidsplanar og be utbyggjaren leggje fram ein plan for korleis dei vil informere og involvere lokale interessentar. Vi vil òg utvide høyringsfristane og trappe opp vårt eige tilsyn i utbyggingsfasen, seier NVE-direktør Kjetil Lund i ei pressemelding.

Annonse

NVE har tidlegare varsla at dei som skal byggje vindkraftverk, må rekne med lengre saksbehandlingstid enn før. I tillegg er det frå 2019 innført krav om internkontroll for å sikre at krava i konsesjonen blir etterlevd.

NVE behandlar ingen nye søknader om etablering av vindkraftverk så lenge forslaget til «Nasjonal ramme for vindkraft på land» er ute på høyring. Høyringsfristen er sett til 1. oktober.

(©NPK)

Neste artikkel

Energi Norge: NorthConnect-kabelen bør få konsesjon