Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nortura taper leveransar av Coop-kylling til Den Stolte Hane

Den Stolte Hane tek over levering av 
fem millionar kyllingar til dei tidlegare 
Ica-butikkane. Det får store ringverknader for kyllingbøndene.

Dagleg leiar Fredrik Strømmen for Den Stolte Hane seier avtalen om leveransar til Ica-butikkane gir dei rundt 20 prosent omsetningsvekst på kylling. Foto: Oliver Orskaug

Frå 1. august mister Nortura avtalen om å levere kyllingar til rundt 400 tidlegare Ica-butikkar.

Coop, som tek over Ica-kjeda, har utvida avtalen med den nordiske kyllinggiganten Scandi Standard, som marknadsfører kyllingane under merket Den Stolte Hane.

Avtalen fører til at rundt fem millionar kyllingar til ein verdi av rundt ein kvart milliard kroner på årsbasis skifter leverandør.

Det får store ringverknader for kyllingbøndene, som alt slit med svikt i salet og dermed stor reduksjon i produksjonen.

– Kan auke produksjonen

Dagleg leiar Fredrik Strømmen for Den Stolte Hane i Norge seier Coop-avtalen om leveransar til Ica-butikkane, gir dei rundt 20 prosent omsetningsvekst på kylling.

– Vi får rundt 250 millionar kroner i auka omsetning som følgje av avtalen. Mykje tyder på at produsentane våre dermed kan auke opp produksjonen til det dei har kapasitet til, seier Strømmen.

Les også: Bondelagsleder Bartnes vil rydde opp i matvarebransjen

Den Stolte Hane mista avtalen med Ica til Nortura tidleg i 2014. Det førte til at kyllingbøndene måtte redusere produksjonen kraftig og nye kyllinghus måtte stå tomme i lengre periodar. Nå er situasjonen snudd på hovudet.

– Dei som har kapasitet til det kan truleg også få produsere meir enn 140.000 kyllingar per år, sidan konsesjonsgrensa nå er auka, seier Strømmen.

– Er det aktuelt å byggje nye kyllinghus?

– Det må vi kome tilbake til. Vi er opptatt av å utnytte kapasiteten i marknaden når volum blir flytta. Vi håper å finne løysingar som gjer at bøndene som produserer for Ica får avsetning for kyllingen òg framover, seier Strømmen, som seier Coop-avtalen vil føre til stor aktivitetsauke ved fabrikken på Jæren.

Kan fylle opp nytt hus

Ein av bøndene som kan sjå fram til auka kyllingproduksjon er Ragnar Skorge frå Killingland i Sandnes. Det nye huset til seks millionar kroner med kapasitet til 180.000 kyllingar stod ferdig i mars i fjor, men det har stått tomt i lengre periodar grunna overkapasiteten i marknaden.

«Vi er skuffa over at ei samvirkebedrift som Coop ikkje vil ha bondens eiga merkevare Prior i si portefølje.»

Egil Olsvik, 
direktør for fjørfe i Nortura
Annonse

– Eg er glad på eigne vegner over at eg får nytte kapasiteten på huset betre enn det har vore så langt, men det er beklageleg at våre kollegaer i Nortura truleg må redusere produksjonen ganske betydeleg på grunn av overkapasiteten, seier Skorge.

Han ser fram til at innteninga blir i tråd med kalkylane for investinga, men seier han føler med Nortura-kollegaene.

– I fjor var det vi som fekk størst kutt. I år går det i vår favør. Det svingar etter avtalane med kjedene. Mitt største håp er at marknaden skal ta seg opp att til tidlegare nivå slik at vi får balanse igjen, seier han.

Nortura er skuffa

Direktør for fjørfe i Nortura, Egil Olsvik, seier utslaga for Nortura-bøndene førebels er uklare. Han anslår volumet som blir flytta til 5-6 millionar kilo eller 4,5 til 5 millionar kyllingar årleg.

– Vil det føre til større reduksjon for Nortura-bøndene?

– Det er ikkje gitt. Normalt tilpassar vi oss marknadssituasjonen med industrisal mellom aktørane. Dei direkte utslaga for produsentane er førebels uklare, seier Olsvik.

Nortura-bøndene har i dag 15 prosent reduksjon i produksjonen. I tillegg har Nortura kjøpt ut ytterlegare kapasitet i Rogaland. Olsvik er lite begeistra for tapet av avtalen.

– Vi er skuffa over at ei samvirkebedrift som Coop ikkje vil ha bondens eiga merkevare Prior i si portefølje, seier han.

Coop: – Begrensa betydning

Kommunikasjonsdirektør Kristin Paus i Coop skriv i ein epost at avtalen sikrar at Ica-, Rimi- og Matkroken-butikkane får same kyllingkjøttsortiment som resten av Coop-butikkane har i dag.

Ho skriv at Den Stolte Hane og Prior har leveringsavtale på råvaresida i dag, og at utvidinga av avtalen med Den Stolte Hane derfor vil ha «begrensa betydning for kylling-produsentene».

Neste artikkel

Nortura-bønder: – Slitsamt med stadige kutt og omveltingar