Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nortura opnar for å gi bort fryselagra sauekjøt

Matsentralen i Oslo tilbyr seg å hjelpe Nortura å bli kvitt sauekjøt som har hopa seg opp på fryselager. Nortura er ikkje negativ.

Kommunikasjonsdirektør Ellen Flø Skagen i Nortura vil helst selje sauekjøtet, men opnar for at Matsentralen skal få kjøtt. Foto: Siri Juell Rasmussen

– Eg trur vi ville klart 100 tonn. Kanskje ikkje alt på ein gong, men 100 tonn skal vi klare, seier dagleg leiar Cristiano Aubert i Matsentralen Oslo til NRK.

Matsentralen Norge består av sju lokale matsentralar som gratis får inn overskotsmat frå matbransjen og gir det vidare til ideelle organisasjonar.

Per i dag har Nortura om lag 450 tonn sauekjøt på lager.

Annonse

Skulle Nortura slå til på tilbodet om å bli kvitt 100 tonn sauekjøt til Matsentralen, er det ei lita hake reint bedriftsøkonomisk: Dei vil ikkje få betalt for kjøtet.

Kommunikasjonsdirektør Ellen Flø Skagen i Nortura sa i tv-programmet Debatten på NRK torsdag at Nortura helst vil selje kjøtet, og at fleire institusjonar har tatt kontakt den siste tida for å kjøpe større parti til sitt forbruk.

– Men når det gjeld Matsentralen og den situasjonen vi har, så tenker eg at dette må vi kunne ordne. Så håpar eg at eg ikkje tar munnen for full, sa Skagen.

Neste artikkel

Småbrukarlaget går imot nedlegging av Nortura-anlegg på Otta