Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Norske fiskebollar klare for kinesiske middagsbord

No skal norske fiskebollar mette munnar i Kina etter at produktet er blitt godkjent av det kinesiske mattilsynet.

Dei velkjende fiskebollane frå Vesteraalens skal prøve seg i Kina. Foto: Marte Christensen / NTB scanpix / NPK

Det er den velkjende grøne boksen med fiskebollar frå Vesteraalens AS som er klar for den kinesiske marknaden. Produsenten har som mål å selje tre millionar boksar årleg i Kina innan tre år.

Annonse

Markeds- og kommunikasjonskoordinator i Vesteraalens, Øystein Lihaug Hjelle, trur potensialet for norske fiskeboller er stort i landet med mer enn ein milliard mennesker.

– Dette er den største marknaden for fiskebollar i verda. I Kina er dei veldig glade i fiskebollar, seier Hjelle til NRK.

Neste artikkel

Rekordhøy fiskeeksport i oktober