Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Noregs Mållag med ros og bøn til reiselivet

Noregs Mållag gler seg over at Rauland Turist no opnar for å bruka nynorsk på nettsidene sine i marknadsføringa av reiselivet i Rauland og Vinje, men etterlyser meir nynorsk på den nasjonale reiselivssida til Visit Norway.

Noregs Mållag oppmodar den nasjonale reiselivssida Visit Norway til å bruka meir nynorsk. Foto: Visit Norway

At Rauland Turist har opna for å nytta nynorsk på nettsidene visitrauland.com skjer ifylgje Mållaget etter at både lokalpolitikarar, Odd Nordstoga og Noregs Mållag i fleire år har ivra for dette. Tidlegare har Destinasjon Ålesund og Sunnmøre også lagt om til nynorsk.

Annonse

– Det er kjekt å sjå at heile sytten «visit»-nettsider i dag er på nynorsk, seier leiaren i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, i ei pressemelding.

Samtidig skulle han gjerne sett meir nynorsk på dei nasjonale nattsidene til Visit Norway. Ifylgje Noregs Mållag er det i dag berre Hardanger som blir presentert på nynorsk av alle destinasjonane på Visit Norway.

– Å spela på lokal identitet, også språkleg er viktig, seier Aasbrenn som oppmodar den nasjonale reiselivssida til å bruka meir nynorsk.

Neste artikkel

Smarte løsninger gir bedre klima