Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Noreg sel mindre sjømat

Noreg eksporterte 176.963 tonn sjømat i februar. Det er 66.500 tonn mindre enn det som vart eksportert i same periode i fjor.

Noreg sel mindre sjømat samanlikna med i fjor. Foto: Oliver Orskaug

Noregs sjømatråd oppgir at verdireduksjonen er på 631 millionar kroner samanlikna med februar 2017. Dermed fortset nedgangen i norsk sjømatsal til utlandet.

Nedgangen kjem blant anna som ei følgje av 9 prosent lågare snittpris for laks. Noreg har selt laks til ein verdi av 4,7 milliardar kroner i februar, noko som er ein verdinedgang på 5 prosent og ein verdireduksjon på 484 milliardar kroner.

– EU-marknaden tar ein stadig større del av den norske eksporten, trass i høge konsumprisar på laks. Hovudårsakene til dette er ei styrking av euroen og ein lågare eksportpris enn i same periode i fjor, seier Paul T. Aandahl, sjømatanalytikar i Noregs sjømatråd.

Les også: Største eksporten av kjøtt fra sauer og lam på 28 år

Les også: Importen av landbruksvarer auka med 1,6 milliardar kroner i fjor

Annonse

Salet av torsk har derimot gått opp.

– Mykje godt vêr i starten av året har ført til meir fangst av torsk, seier Asbjørn Warvik Rørtveit, direktør for marknadsinnsikt og marknadstilgang i Noregs sjømatråd, om dei 13.100 tonna torsk Noreg har selt i februar.

Det er ein volumauke på 378 tonn og ein verdiauke på 21 millionar kroner samanlikna med februar 2017.

Hittil i år har Noreg eksportert 386.000 tonn sjømat verdt 14,7 milliardar kroner. Det er ein volumnedgang på 32.000 tonn, noko som inneber at Noreg har selt sjømat for 484 millionar kroner mindre enn det landet gjorde i same periode i fjor.

Les også: Europeere vil ha kloa i norsk krabbe

Neste artikkel

Kritiserer hemmeleghald om matprisar