Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Noreg importerer pizza som aldri før

Sidan januar har Noreg importert pizza for 113 millionar kroner. Det er ny rekord.

Foto: Chepko Danil Chepko

Første kvartal i år vart det importert 3581 tonn pizza til Noreg. Det har aldri tidlegare blitt importert så mykje pizza hit til landet. Det melder Landbruksdirektoratet.

I prosent er salet auka med heile 45 prosent samanlikna med siste kvartal i 2018.

Pizza med kjøt aukar mest, men også importen av vegetarpizza aukar, med 16 prosent.

– Den store økningen i import skyldes at det har kommet en ny aktør i markedet. Denne aktøren startet import i 1. kvartal 2019 og ble med dette landets nest største importør. De tre største aktørene står for 75 prosent av importen av pizzaen i første kvartal 2019, står det i rapporten frå direktoratet.

Annonse
Noreg importerer pizza som aldri før. Foto: Siri Juell Rasmussen

Italia er kjent som pizzaens heimland. Men landet tronar ikkje på toppen av lista over land som eksporterer pizza til Noreg.

Halvparten av pizzaen som vart importert til Noreg i siste kvartal er laga i Tyskland.

35 prosent av pizzaen som er importert frå Italia. Elles blir det også importert pizza frå Sverige og Danmark.

Andelen iskrem importer frå andre land auka også kraftig frå første kartal i år. Totalt auka importen med 52 prosent. Øl-importen auka med 29 prosent, mens syltetøy auka med 21 prosent.

Neste artikkel

Grøntsektoren jubler over jordbruksavtalen