Annonse
GARDSIDYLL: Med litt hjelp frå dottera Bianca Wessel (t.v.) har Viveke Wessel (t.h.) lagt ut dette gardshuset i Sigdal til leige på Airbnb. Inntektene gir Viveke moglegheit til å bli buande på ein gammal gard med store vedlikehaldsutgifter. FOTO: Wesseltunet
GARDSIDYLL: Med litt hjelp frå dottera Bianca Wessel (t.v.) har Viveke Wessel (t.h.) lagt ut dette gardshuset i Sigdal til leige på Airbnb. Inntektene gir Viveke moglegheit til å bli buande på ein gammal gard med store vedlikehaldsutgifter. FOTO: Wesseltunet

Nordmenn tener svimlande 2,7 milliardar på Airbnb

I alle fylka i landet auka Airbnb-inntektene i 2019. Sjølv utanfor dei typiske turistområda opplever utleigarane stor pågang. – Veksten i etterspurnad er større enn tilbodsveksten, seier analytikar.

Stadig fleire nordmenn tener pengar på å leige ut hus, leilegheiter og hytter via Airbnb. I 2019 leigde nærare 31.000 vertar i Noreg ut bustad via utleigeplattforma minst éin gong, ein auke på 17 prosent frå året før. Samtidig auka inntektene med 32 prosent, frå 2,1 milliardar i 2018 til 2,7 milliardar i 2019, ifølgje tal frå analyseselskapet Capia. Av leigeinntekta på 2,7 milliardar betaler utleigarane 3,75 prosent i vertsgebyr til Airbnb.

– Det har vore vekst i både talet på selde romdøgn og inntekter i alle fylke, med unntak av Svalbard, opplyser analytikar i Capia, Eivind Hestvik Brækkan.

– Samtidig aukar inntektene i alle fylke meir enn talet på selde romdøgn. Det betyr at vi har ein vekst i etterspørselen som er større enn tilbodsveksten, noko som gir auke i pris, påpeikar han.

Airbnb

Airbnb er ein nettbasert marknadsplass der brukarar kan tilby, søkje etter, bestille og nytte overnattingsstader over heile verda. Airbnb legg til rette for at folk kan leige ut heile eller delar av sin eigen heim eller annan eigna bustad til reisande med behov for overnatting.

Airbnb er ansvarleg for handtering av betalingsoppgjeret.

Forretningsmodell: Verten (utleigaren) betaler ca. 3,75 prosent (inkl. moms) av leigeinntekta i såkalla vertsgebyr til Airbnb, og gjesten betaler 10 prosent av utleigeprisen i såkalla gjestegebyr til Airbnb.

Kjelder: Wikipedia og Capia.no

Oslo, Vestland og Troms og Finnmark er fylka med høgast Airbnb-inntekter. Veksten er likevel størst i Viken, Innlandet og Trøndelag: I Viken auka inntektene i 2019 med 60 prosent, i Innlandet 59 prosent og i Trøndelag 56 prosent. Veksten i Oslo er veldig låg samanlikna med resten av landet, med berre 4 prosent auke.

Finansierer vedlikehald

Viveke Wessel på garden Søre Solumsmoen i Sigdal er ei av dei som bidrog til at Viken i fjor var fylket med høgast vekst i Airbnb-inntekter. I juni 2019 la ho ut hus og stabbur til leige på utleigeplattforma under namnet Wesseltunet.

– Eg fekk overraskande mange førespurnader. Eg trudde jo eigentleg eg var for seint ute til å få noko særleg med gjester i sommarferien, seier ho.

AUKE: Airbnb-inntektene i fjor auka aller mest i fylket Viken. Wesseltunet var ein av mange nye stader som tilbaud sengeplass via Airbnb. FOTO: Wesseltunet
AUKE: Airbnb-inntektene i fjor auka aller mest i fylket Viken. Wesseltunet var ein av mange nye stader som tilbaud sengeplass via Airbnb. FOTO: Wesseltunet

Sidan den gong har ei god blanding av både norske og utanlandske gjester leigd dei 200 år gamle tømmerhusa hennar.

– Eg har berre positive erfaringar så langt. Dei som kjem, er hyggelege folk som er interesserte i gamle hus og norske tradisjonar, fortel ho.

Auke i Airbnb-inntekter frå 2018 til 2019

Oversikta viser kor mykje inntekta til folk på Airbnb har auka i prosent. Dei konkrete inntektene i 2019 står i parentes.

Viken: 60 % (253,7 millionar)

Innlandet: 59 % (184,4 millionar)

Trøndelag: 56 % (139, 2 millionar)

Vestfold og Telemark: 53 % (121,9 millionar)

Nordland: 50 % (203,1 millionar)

Møre og Romsdal: 46 % (116,2 millionar)

Troms og Finnmark: 46 % (284,7 millionar)

Agder: 45 % (179, 2 millionar)

Vestland: 25 % (518,9 millionar)

Rogaland: 22 % (156,7 millionar)

Oslo: 4 % (563,7 millionar)

Svalbard: -19% (9,1 millionar)

Av desse inntektene må utleigar betale eit vertsgebyr på ca. 3,75 prosent (inkl. moms) til Airbnb.

For henne bidrar utleigeinntektene til at ho kan bli buande på garden.

– Vi kjøpte dette gardstunet for tretti år sidan, og har pussa opp sidan. Dette er livsverket mitt. No har barna flytta ut, og eg har vorte pensjonist, og treng ekstra inntekter for å ta vare på alle bygningane, seier ho.

BONDELANDET: Turistane reiser gjerne utanfor allfarveg for å oppleve noko litt annleis. Wesseltunet i Sigdal har hatt besøk av alt frå nordmenn til kinesarar. FOTO: Wesseltunet
BONDELANDET: Turistane reiser gjerne utanfor allfarveg for å oppleve noko litt annleis. Wesseltunet i Sigdal har hatt besøk av alt frå nordmenn til kinesarar. FOTO: Wesseltunet

Ein hyggeleg bieffekt er dessutan at ho får treffe folk frå heile verda.

– Eg liker å treffe folk frå andre land og kulturar, og har sjølv reist og budd mykje i utlandet. No kjem folk hit i staden.

Husdraum med boblebad

Marit Folland på Averøya i Møre og Romsdal starta òg å leige ut via Airbnb på våren i fjor, og vart raskt fullbooka.

– Sidan vi òg eig eit småbruk her på Averøya, fann vi ut at vi skulle bu på småbruket om sommaren, medan vi leigde ut huset på Airbnb, fortel ho.

Sommar vart til haust, og det nybygde huset med utandørs boblebad, spektakulær utsikt og båt inkludert i leiga var framleis fullbooka.

UTSIKT: Da Marit Folland på Averøya la ut sitt hus på Airbnb i fjor vår, vart det raskt fullbooka. Sidan har blant anna tyskarar, amerikanarar, kinesarar og nederlendarar komme for å oppleve denne utsikta. FOTO: Marit Folland
UTSIKT: Da Marit Folland på Averøya la ut sitt hus på Airbnb i fjor vår, vart det raskt fullbooka. Sidan har blant anna tyskarar, amerikanarar, kinesarar og nederlendarar komme for å oppleve denne utsikta. FOTO: Marit Folland

– Så byrja bookingane for sommaren 2020 å renne inn før vi hadde rokke å tenkje på om vi i det heile skulle leige ut neste sommar. Så då bestemte vi oss for at vi skulle bli buande ei stund til på småbruket og halde fram utleiga, forklarer ho.

Annonse

Allereie i fjor haust var huset fullbooka for juni, juli og august i år.

– Sjølv i desember var huset fullt av gjester, tyske familiar kom for å oppleve juletida og vinteren her på Møre, opplyser Folland.

HOTELLKJENSLE: Marit Folland sørgjer for at gjestene kjem til oppreidd seng i stilfulle omgivnader. FOTO: Marit Folland
HOTELLKJENSLE: Marit Folland sørgjer for at gjestene kjem til oppreidd seng i stilfulle omgivnader. FOTO: Marit Folland

Ho har så langt berre gode erfaringar med Airbnb.

– Vi har stort sett godt vaksne menneske som leiger huset, og det er knapt synleg at dei bur her. Airbnb fungerer veldig bra, alt er veldig ryddig og effektivt. Ein slepp organisere så mykje. Eg sender gjestene ei velkomstmelding, set fram blomstrar og forfriskingar, og dei får dørkoden. Vi møtest ikkje utanom viss dei treng hjelp med noko. Nokre av gjestene har vi likevel møtt, og sosiale som vi er, har vi invitert dei på besøk til oss på småbruket.

Ta forholdsreglar

Før du legg bustaden din ut på Airbnb og gir nøklane til framande, kan det vere greitt å ta nokre forholdsreglar.

– Eg ville ha fjerna private gjenstandar som du er redd for skal bli stolne eller øydelagde. Det kan til dømes løysast ved å setje dei inn på eit eige rom som du låser av, seier forbrukar- og kommunikasjonssjef i Huseierne, Carsten Pihl.

FAMILIEVENNLEG: Det er særleg mange familiar som bookar seg inn i einebustaden til Marit Folland på Averøya. Her leikar sonen hennar i stova. FOTO: Marit Folland
FAMILIEVENNLEG: Det er særleg mange familiar som bookar seg inn i einebustaden til Marit Folland på Averøya. Her leikar sonen hennar i stova. FOTO: Marit Folland

– Du bør òg sjekke om dei som ønskjer å leige hos deg, har greie referansar, seier han, og legg til at å leige ut via dei store utleigeportalane stort sett er ganske trygt.

– Ein kjøper seg jo sikkerheit ved å bruke desse portalane, mellom anna i form av at dei har mekanismar for trygg handtering av betaling og depositum, seier han.

Skattepliktig utleige

Utleige via Airbnb er skattepliktig på lik linje med anna korttidsutleige. Nytt frå 1. januar i år er at Airbnb pliktar å rapportere inn leigeinntektene kvar enkelt utleigar har, til skattestyresmaktene.

– Mange spør om dette med skattlegging, reglane kan vere litt kompliserte, seier Pihl.

POPULÆRT: Stadig fleire bookar overnatting i norske heimar via utleigeplattforma Airbnb. FOTO: Torstein Bøe / NTB scanpix
POPULÆRT: Stadig fleire bookar overnatting i norske heimar via utleigeplattforma Airbnb. FOTO: Torstein Bøe / NTB scanpix

Det er to sett reglar å ta omsyn til: Leiger du ut eigen bustad, kan du tene inntil 10.000 kroner skattefritt. Frå 10.000 og oppover må du skatte 22 prosent av 85 prosent av inntektene, og det er ingen moglegheiter for frådrag . Dei same reglane gjeld dersom du leiger ut eiga hytte. Regelen om at du kan leige ut inntil 50 % av eigen bustad skattefritt når du sjølv bur i den andre halvparten, gjeld ikkje lenger for korttidsutleige.

Korttidsutleige av sekundærbustad blir skattlagd 22 prosent frå første krone på lik linje med langtidsutleige av sekundærbustad. Her kan du føre frådrag for kostnader.

– Reglane for korttidsutleige gjeld for utleigeforhold som varer inntil 30 dagar, påpeikar Pihl.

Regionar: Inntekter og vekst i Airbnb

Oversikta viser talet på utleigeeiningar, inntekt og inntektsvekst i prosent frå 2018 til 2019 i regionane i landet.

Alta/Hammerfest/Kvalsund – 186 einingar – 10.604.031 kroner – 51 %

Arendal-Grimstad – 752 einingar – 34.995.681 kroner – 69 %

Asker/Bærum – 521 einingar – 26.481.002 kroner – 57 %

Bergen – 3669 einingar – 222.858.479 kroner – 11 %

Bodø-regionen – 460 einingar – 23.562.686 kroner – 38 %

Brønnøysund-regionen – 97 einingar – 4.563.296 kroner – 95 %

Dalane – 114 einingar -7.597.912 – kroner 57 %

Drammen-regionen – 322 einingar -16.940.486 kroner – 47 %

Fauske-regionen – 194 einingar -109.36.616 kroner – 75 %

Fjell-Telemark – 262 einingar – 26.287.368 kroner – 63 %

Fjordkysten – 245 einingar – 14.123.848 kroner – 26 %

Follo-regionen – 670 einingar – 29.679.473 kroner – 57 %

Fredrikstad – 386 einingar – 23.537.598 kroner – 60 %

Færder – 219 einingar – 12.569.509 kroner – 59 %

Gjøvik-regionen – 144 einingar – 5.707.232 kroner – 26 %

Glåmdal-regionen – 99 einingar – 3.679.294 kroner – 84 %

Grenland-Kragerø – 309 einingar -16.268.540 kroner – 51 %

Hadeland – 75 einingar – 4.560.715 kroner – 108 %

Halden – 146 einingar – 8.699.422 kroner – 43 %

Hallingdal – 768 einingar – 72.434.252 kroner – 78 %

Hamar-regionen – 467 einingar – 31.016.895 kroner – 71 %

Hardanger – 690 einingar – 57.755.142 kroner – 31 %

Holmestrand-Svelvik-Sande-Re – 225 einingar -10.928.944 kr – 26 %

Horten – 86 einingar -3.367.778 kroner – 22 %

Indre Finnmark – 69 einingar – 3.525.011 kroner – 43 %

Indre Troms – 99 einingar -5.537.393 kroner – 32 %

Indre Østfold – 95 einingar -3.742.101 kroner – 52 %

Kongsberg-regionen – 202 einingar -12.001.936 kroner – 56 %

Kristiansand-regionen – 1.555 einingar -72.283.585 kr – 44 %

Kristiansund-regionen – 302 einingar -15.864.807 kroner – 60 %

Larvik – 218 einingar -11.812.038 kroner – 82 %

Lister-regionen – 413 einingar -25.197.968 kroner – 40 %

Lofoten – 1200 einingar -125.328.186 kroner – 45 %

Mandal – 463 einingar -20.442.052 kroner – 34 %

Midt-Buskerud – 113 einingar -9.779.250 kroner – 67 %

Midt-Gudbrandsdal – 205 einingar -13.417.890 kroner – 57 %

Midt/Aust-Telemark – 181 einingar -91.35.359 kroner – 61 %

Mo-Nesna-Sandnessjøen – 201 einingar – 6.990.228 kr – 71 %

Molde-regionen – 516 einingar – 25.830.178 kroner – 46 %

Mosjøen-regionen – 56 einingar – 1.821.270 kroner – 29 %

Moss – 168 einingar – 8.235.473 – kroner 43 %

Narvik-regionen – 14 einingar – 1.170.115 kroner – 54 %

Nord-Gudbrandsdal – 199 einingar – 11.548.150 kroner – 75 %

Nord-Rogaland – 521 einingar – 25.851.892 kroner – 32 %

Nord-Troms – 98 einingar – 5.854.839 kroner – 167 %

Nord-Østerdal – 117 einingar – 4.753.843 kroner – 35 %

Nordfjord – 502 einingar – 36.974.180 kroner – 60 %

Nordhordland – 146 einingar – 8.302.281 kroner – 43 %

Nordkapp/Kysten – 66 einingar – 3.682.630 kroner – 52 %

Oslo – 8542 einingar – 563.721.708 kroner – 4 %

Osterfjord-Bjørnefjord – 219 einingar – 16.190.095 kr – 19 %

Ringerike/Hole – 88 einingar – 4.588.695 kroner – 59 %

Risør-Tvedestrand – 283 einingar – 16.127.239 kr – 33 %

Romerike – 594 einingar – 23.645.795 kroner – 59 %

Ryfylke – 768 einingar – 41.191.407 kroner – 26 %

Sandefjord – 250 einingar – 14.050.598 kroner – 69 %

Sarpsborg – 82 einingar – 4.262.915 kroner – 70 %

Senja-regionen – 203 einingar – 15.713.361 kr – 90 %

Setesdal – 183 einingar – 10.214.717 kroner – 46 %

Skjåk/Vågå – 91 einingar – 6.933.729 kroner – 49 %

Sognefjord – 673 einingar – 59.117.308 kroner – 36 %

Sotra-Øygarden – 352 einingar – 19.894.189 kr – 47 %

Stavanger-Jæren – 1700 einingar – 82.116.558 kr – 16 %

Sunnfjord – 226 einingar – 12.097.734 kroner – 27 %

Sunnhordland – 692 einingar – 39.098.713 kr – 31 %

Svalbard – 67 einingar – 9.166.352 kroner – 19 %

Sør-Gudbrandsdal – 484 einingar – 41.200.706 kr – 40 %

Sør-Troms – 259 einingar – 13.002.247 kroner – 47 %

Sør-Østerdal – 491 einingar – 38.812.704 kroner – 76 %

Tromsø-regionen – 2299 einingar – 217.798.505 kr – 41 %

Tønsberg – 253 einingar – 11.141.918 kroner – 32 %

Valdres – 317 einingar – 4.792.612 kroner – 61 %

Varanger-regionen – 183 einingar – 9.018.193 kroner – 59 %

Vest-Telemark – 226 einingar – 14.080.296 kroner – 25 %

Vesterålen – 439 einingar – 28.745.273 kroner – 73 %

Voss – 342 einingar – 32.490.402 kroner – 65 %

Ålesund-regionen – 1084 einingar – 74.617.398 kr – 44 %

(NB: Av denne inntekta betaler utleigarane 3,75 prosent (inkl. moms) i vertsgebyr til Airbnb).

Kjelde: Capia.no

Du kan altså leige ut så mange dagar du vil, men kvart leigeforhold kan ikkje vare lenger enn 30 dagar. Bur du i sameige eller burettslag derimot, er det avgrensingar på kor mange dagar du kan leige ut på eit år.

– Frå 1. januar kom nye reglar som seier at bebuarar i burettslag berre kan ha korttidsutleige inntil 30 dagar i året, og bebuarar i sameige inntil 90 dagar, fortel han.

NORSK: Utlendingar ønskjer seg gjerne noko typisk norsk, noko det gamle gardshuset på Wesseltunet kan tilby. FOTO: Wesseltunet
NORSK: Utlendingar ønskjer seg gjerne noko typisk norsk, noko det gamle gardshuset på Wesseltunet kan tilby. FOTO: Wesseltunet

Får Airbnb-utleiga di stort omfang, blir skattereglane endå meir kompliserte. «Stort omfang» har ikkje éin fast definisjon, men blir ofte sett ved ei mengd på fem utleigebustader. Kontakt skattestyresmaktene viss du treng hjelp til å vurdere omfanget.

– Utleige av både bustad og hytte i stor skala kan bli å rekne som næring. Då er det heilt andre skattereglar som gjeld, seier Pihl.

Neste artikkel

Nationens påskequiz del 4