Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nordfjord-slakteri kan få kjøt frå Gudbrandsdalen

Nedlegging av Nortura-slakteriet på Otta kan gi meir arbeid for slakteriet til Nordfjord Kjøtt i Loen, trur bondelagsleiar.

Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK
Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Når Nortura samlar slakteriverksemda på Rudshøgda vil mange kjøtproduserande bønder i Gudbrandsdalen få kortast veg til slakteriet i Stryn kommune.

– Ja, det trur eg er veldig aktuelt. Det er «stutt» veg over til Stryn for mange. Eg trur det er stor realisme i at fleire noverande Nortura-leverandørar vil gå over til Nordfjord, seier leiar Trond Klaape i Oppland Bonde og Småbrukarlag til Nett.no.

Annonse

Lokale bønder har ikkje gitt opp trua på at det kjem eit nytt lokal alternativ. Likevel er det eit spørsmål om eit nytt privat anlegg i Gudbrandsdalen kan ta unna heile behovet.

Nordfjord Kjøtt i Loen er ein av dei store norske aktørane i kjøtforedlingsbransjen, og leverandør til Rema-kjeda. Konsernsjef Geir Egil Roksvåg seier dei har kapasitet til å ta i mot meir.

– Det er vanskeleg å vite kva som vil skje, men vi tek i mot all slakt vi kan få, seier han til Nett.no.

Neste artikkel

Nortura skal levere kjøtt til norske sykehus