Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ni bestseljande kjøttprodukt inneheldt for mykje salt

I ni av 24 kjøttprodukt er det funne meir salt enn det som var oppgitt på næringsdeklarasjonen.

I ei undersøking hadde ni av 24 kjøttprodukt meir salt enn det som var oppgitt på næringsdeklarasjonen. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK
I ei undersøking hadde ni av 24 kjøttprodukt meir salt enn det som var oppgitt på næringsdeklarasjonen. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Det viser ei undersøking Havforskingsinstituttet har gjort på oppdrag frå Mattilsynet.

Ein undersøkte både næringsstoff og tungmetall i 24 bestseljande kjøttprodukt.

Annonse

Dei har analysert grillpølser, kjøttpølser, wienerpølser, kjøttkaker, kjøttbollar og karbonadar for næringsstoff som feitt, karbohydrat, protein, vitamin og mineral. Analysane omfatta også tungmetalla arsen, bly, kadmium og kvikksølv.

– Det vil alltid vere naturleg variasjon av næringsstoff i produkta, og det er vanskeleg å oppgi ein eksakt saltverdi i eit produkt, men i ni av 24 produkt var det over 20 prosent meir salt enn det som var oppgitt i næringsdeklarasjonen, seier seniorrådgivar Ellen Kielland i Mattilsynet til matportalen.no. Mattilsynet vil følgje opp avvika med dei aktuelle kjøttprodusentane.

Alle analysane av dei ulike tungmetalla viste resultat under grenseverdiane som er fastsett.

Neste artikkel

Energi Norge om havvind: Dette taler for og dette taler imot