Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nervegift i sitrusfrukt i Noreg og Sverige

Kvar femte sitrusfrukt som blei undersøkt av det svenske mattilsynet, inneheldt spor av nervegifta klorpyrifos som kan skade utviklinga til hjernen. I Noreg er den også funne i fleire produkt.

Foto: Kari Hamre / NPK
Foto: Kari Hamre / NPK

Klorpyrifos er eitt av dei mest vanlege insektmidla i verda, fortel Sveriges Television. No er det funne restar av gifta på mandarinar frå Marokko, lime frå Brasil og appelsinar frå Spania i svenske butikkar.

I Noreg er det funne klorpyrifos i økologisk lime frå Colombia, skriv norske Mattilsynet i ein rapport frå 2018. Gifta er også funnen i appelsinar frå Egypt, grapefrukt frå Israel og Tyrkia, etedruer frå Chile og klementinar frå Spania.

Annonse

Studiar viser at middelet er mykje farlegare enn det ein tidlegare har trudd og viser at det ikkje har vore mogleg å fastslå kva som er ein sikker grenseverdi for menneske.

– Stoffet er spesielt skadeleg for foster og barn. Det kan påverke utviklinga av hjernen og nervesystem og kan føre til åtferdsendringar, seier Abdelkarim Abdellaue, sjef for avdelinga for nasjonale godkjenningar i Mattilsynet i Norge til NRK.

Her i landet er det forbode å bruke klorpyrifos, men frukt med middelet har altså hamna i norske butikkar når dei kjem frå land der insektmiddelet ikkje er forbode.

Neste artikkel

DN: Han skal forvalte rovdyr, klima og miljø