Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nedtur for norsk handverksøl

Småbryggeria hadde eit tungt år i fjor.

Finvêret er over for småskalabryggeria, som hadde ein samla nedgang i salsvolumet på 11,6 prosent i fjor. Illustrasjonsfoto: Andrea Øien Sæverud / NPK

Salet av handverksøl fall med 1,2 millionar liter frå 2017 til 2018, ein nedgang på 11,6 prosent, ifølgje tal frå Bryggeri- og drikkevareforeningen.

Det samla konsumet av norskbryggja øl auka samtidig med 11 millionar liter.

Annonse

Småskalaprodusentane merkar auka prispress, samtidig som det har vore stor overetablering av bryggeri, meiner Petter Nome i Bryggeriforeininga.

– Dei siste to åra har vi sett 18 bryggerikonkursar, men det blir stadig etablert nye. Det skaper nok ei forvirring blant forbrukarane. Det blir kanskje for mykje å velje mellom, seier Nome til Dagens Næringsliv.

Nome trur likevel nedturen er mellombels og viser til utvikling i USA. Der starta trenden med handverksøl alt på 1980-talet og har etter fleire opp- og nedturar no stabilisert seg på rundt 12 prosent av volumet i USA.

I Noreg utgjorde handverksøl i fjor rundt 4,5 prosent av det samla produksjonsvolumet her til lands.

Neste artikkel

Nortura-tillitsvalgt vil ha mer enn bare kutt for å få lønnsomheten tilbake