Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nær smertegrense for norske naturperler

Det straumar til med folk som vil oppleve dei små naturperlene i Noreg. Men no er det snart nådd ei smertegrense for nokon av lokalsamfunna.

Store kampanjar frå Innovasjon Noreg er blant anna skuld i at turistane straumar til Hoddevik i Sogn og Fjordane. Foto: Willy Haraldsen / NTB Scanpix / NPK

Anne Karin Lerfald driv eit surfepensjonat i Hoddevik på Stadlandet. Det er ein plass mange vil besøkje. Ho forklarer til NRK at det i høgsesongen blir meir folk enn plassen toler. Lerfald gir noko av skulda til Innovasjon Noreg.

Annonse

– Visit Norway har marknadsført plassen som ei naturperle som ein berre kan kome til og bruke. Dei har hatt store kampanjar på flyplassane, men vegane toler ikkje for mange tilreisande, ikkje sjøfuglane som hekkar ved sanden, og ikkje vi som bur her, seier Lerfald til NRK.

Innovasjon Noreg fortel at dei òg ser at ein nærmar seg ei smertegrense nokon stader på Vestlandet og i Nord-Noreg.

– Det kan bli for mykje for lokalsamfunna enkelte tider av året, seier reiselivsdirektør i Innovasjon Noreg Bente Bratland Holm til NRK. Ho legg til at dei skal tone ned marknadsføringa i pressområda om sommaren.

Neste artikkel

Erna får æren for besøksrekord for Preikestolen