Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mills vil møte vegetarbølgja

Verksemda Mills vil investere 200 millionar kroner for å handtere den auka etterspurnaden etter vegetarmat, fortel Dagens Næringsliv.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– Vi er godt posisjonert mot den grøne og plantebaserte trenden. Over 80 prosent av råvarene våre er allereie plantebaserte, og vi ser store moglegheiter innan både vegetar og veganske produkt. Der ser vi moglegheiter for vekst, seier konsernsjef og eigar Knut G. Heje i Agra til avisa.

Agra-konsernet er ein norskeigd næringsmiddelprodusent som står bak merkevarer som Mills, Delikat, Melange og Vita Hjertego’.

Annonse

Det vert no jobba for å utvide Mills-fabrikken i Drammen.

– Vi har planar om å investere 200 millionar kroner i Drammen. Vi har lenge hatt ein god dialog med kommunen, så vi håpar det ordnar seg, seier Heje.

Mills er ikkje dei einaste som har kasta seg på veganartrenden. Både Kavli, Orkla og Tine har gjort strategiske grep for å nærme seg vegetar- og veganarmarknaden.

Neste artikkel

Fôrindustrien får ikkje støtte til omstilling: – Uansvarleg av politikarane