Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Miljødirektoratet vil ha forbod mot plastbestikk

Miljødirektoratet tilrår eit nasjonalt forbod mot fleire eingongsprodukt i plast, blant anna sugerøyr, bestikk og tallerkenar.

Miljødirektoratet tilrår eit nasjonalt forbod mot fleire eingongsprodukt i plast, blant anna sugerøyr, bestikk og tallerkenar. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix/ NPK

Klima- og miljødepartementet tok imot forslaga frå direktoratet måndag.

– Dette er eit viktig steg i arbeidet med å bli kvitt unødvendig eingongsplast i Noreg. Havforsøpling er eitt av dei store miljøproblema i vår tid, og eingongsartiklar av plast er ei av kjeldene, seier klima – og miljøminister Ola Elvestuen i ei pressemelding.

Annonse

Elvestuen har bedt Miljødirektoratet greie ut eit framlegg til forbod mot unødvendig eingongsplast.

– Det er eg glad for at vi no har fått. No skal forslaget behandlast i departementet, seier Elvestuen.

Ellen Hambro er direktør for Miljødirektoratet.

– Slike eingongsprodukt kan relativt enkelt erstattast med andre eingongsprodukt i andre materialar, eller aller helst i ombruksprodukt. Utfasinga har allereie komme langt for enkelte av produkta, og vi forventar at fleire og rimelegare alternativ blir tilgjengelege på marknaden dei næraste år, seier Hambro.

Neste artikkel

Se Miljødirektoratets video av ulveflyttingen