Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Meir kartongkritikk til Tine

I desember hausta Tine mykje kritikk for å ha ein ulv avbilda på mjølkekartongen. No er dei i hardt vêr igjen.

Kritikk: Tine får kritikk for teksten på skulemjølk-kartongane. Foto: Svein Egil Hatlevik

Denne gongen er det knytt til avbilding av og informasjon om kornsirklar på skulemjølkkartongar.

Les også: Tines juleulv skaper kraftige reaksjoner

Det var Norsk landbruk som først omtalte saka.

«Kornsirkler er et fenomen som kan oppstå i åkeren. Kornsirkler dannes når felt av kornet på uforklarleg vis legger seg ned slik at det dannes geometriske mønstre.» Står det på dei nye skulemjølkkartongane til Tine.

Annonse

– Dette er like alvorleg som at det står feil i skulebøker. Når Tine som kommersiell aktør får innpass i klasserommet og i tillegg då vel å sette informasjon på mjølkekartongen, så bør dei vere strengare på kva informasjon dei kjem med. Dei har eit samfunnsansvar i at den informasjonen er korrekt, seier ein av skeptikarane Christoffer Lorang Dahl, som la ut eit kritisk innlegg på Facebook-sidene til Tine, til NRK.

Kornsirklar er namnet på det fenomenet at planter eller korn i ein åker ligg nede, som oftast i geometrisk formasjon. I vitskapelege kretsar er det brei semje om at dei er menneskeskapte.

Neste artikkel

Kritiserer hemmeleghald om matprisar