Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Medgang for Lervig Aktiebryggeri

Handverksbryggeriet Lervig Aktiebryggeri i Stavanger held fram framgangen frå 2016 og kunne i fjor notere seg for eit overskot på 11 millionar kroner.

Handverksbryggeriet Lervig Aktiebryggeri i Stavanger held fram framgangen frå 2016 og kunne i fjor notere seg for eit overskot på 11 millionar kroner.

Bryggeriet, som vart starta i 2003 for å fylle tomrommet etter gamle Tou, var eit stort tapsprosjekt fram til 2014, men sidan den tid har det gått betre, fortel Dagens Næringsliv.

Selskapet gjekk i 2016 for første gong med eit lite overskot, som i 2017 steig til 11,3 millionar kroner før skatt.

– Det er ikkje trylling eller magi. Dei grepa vi gjorde i 2016, har hatt veldig bra effekt i 2017, seier Lervig-sjef Anders Kleinstrup til avisa.

Han forklarer suksessen med auka satsing på avansert spesialøl i staden for vanlege sortar som alle kan lage. Bryggeriet har mellom anna lansert fleire små produktseriar med såkalla New England ipa-øl, ferskøl med mykje humle.

Annonse

I år investerer bryggeriet i nye produksjonstankar som skal gjere det mogleg å doble produksjonen og introdusere nye sortar.

Bryggeriet produserte i fjor rundt to millionar liter øl. Av det gjekk om lag 40 prosent til eksport.

Nyleg fekk Stavanger-bryggeriet òg ein gjæv plass på lista over dei hundre beste handverksbryggeria i verda hos ølbibelen Ratebeer. Der fekk òg to av ølsortane til Lervig plass blant dei hundre beste.

Neste artikkel

Kritiserer hemmeleghald om matprisar