Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mattilsynet har oppdaga sal av ulovleg genmodifisert maismjøl

Mattilsynet har ved tilsyn i frittståande daglegvarebutikkar gjort funn av ulovleg genmodifisert maismjøl. Dei ber forbrukarar vere oppmerksame.

Dei aktuelle maismjølprodukta er mest truleg produsert og merka for EU-marknaden, der fleire genmodifiserte maisprodukt er godkjente for bruk i mat og fôr. Foto: Colourbox

– Maismjøl er eit populært produkt, og ulike genmodifiserte variantar av «P.A.N. Maize Flour» og «TRS White Maize Meal» kjem stadig tilbake på marknaden trass tilbaketrekkingsvedtak mot ei rekke importørar dei seinare åra, seier spesialinspektør Inga Torp Nielsen i Mattilsynet i ei pressemelding.

«TRS White Maize Meal» er òg trekt tilbake frå Rema 1000-butikkar i Oslo, opplyser Mattilsynet.

Annonse

I 2019 er ingen genmodifiserte næringsmiddel godkjent i Noreg, og alle produkt merka med genmodifiserte ingrediensar er derfor ulovlege å importere og selje.

Når Mattilsynet oppdagar produkt av denne typen, blir butikkane pålagt å stoppe salet og opplyse kva importør dei har kjøpt produkta frå.

Dei aktuelle maismjølprodukta er mest truleg produsert og merka for EU-marknaden, der fleire genmodifiserte maisprodukt er godkjente for bruk i mat og fôr.

Forbrukarar som har kjøpt denne typen produkt og ikkje ønsker å bruke dei, kan levere produkta tilbake til butikken der dei er kjøpte. Om ein finn produkt i butikken som inneheld genmodifiserte ingrediensar kan ein varsle Mattilsynet, og dessutan gjere butikken merksam på dette.

Neste artikkel

Flere jordbærselgere hadde ikke noe sted å gå på do