Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mathandel frå bagasjerommet tar av

Reko-ring er namnet på eit fenomen som breier om seg i Noreg. Den første vart etablert her i landet i 2017 og no er det over 80 på landsbasis. Lokalmatprodusentar får høve til å selje produkta sine direkte til kundane, utan mellomledd. Og det er kjærkomme i koronakrisa.

Reko-produsentane tilbyr eit variert sortiment innan lokalmat. Utvalet varierer sjølvsagt etter sesong, og frå ring til ring, men det er noko å kjøpe heile året. Her er alt frå konfekt, kaker og sjømat til dei som sel meir vanlege landbruksprodukt som grønsaker, egg, korn-, kjøt- og mjølkeprodukt.Foto: Kari Hamre / NPK
Reko-produsentane tilbyr eit variert sortiment innan lokalmat. Utvalet varierer sjølvsagt etter sesong, og frå ring til ring, men det er noko å kjøpe heile året. Her er alt frå konfekt, kaker og sjømat til dei som sel meir vanlege landbruksprodukt som grønsaker, egg, korn-, kjøt- og mjølkeprodukt.Foto: Kari Hamre / NPK

Reko står for «rettferdig konsum» på norsk. Distribusjonsmodellen brukar Facebook som kommunikasjonsplattform og vart først oppretta i Finland i 2013. Så vart Sverige og deretter Noreg inspirert. No er det reko-ringar både på Island, i Irland, Italia, Canada og i Sør-Afrika.

Matnettverk på Facebook

Ein reko-ring er altså eit matnettverk der lokalmatprodusentar i eit geografisk område annonserer varene sine i ei felles Facebook-gruppe som alle kan vere med i. Kundane førehandsbestiller varer via denne gruppa.

Matprodusentane tek så med seg produkta som er bestilte, og møter kjøparane til oppsett tid på ein fast stad, ofte ein parkeringsplass. Slik får forbrukaren kjøpt maten direkte frå produsenten. Og produsenten får 100 prosent av salssummen.

Reko-ring er ein salskanal der lokalmatprodusentar får selt varene sine etter avtale med kundane - gjerne på ein parkeringsplass som her.Foto: Rebekka Bond
Reko-ring er ein salskanal der lokalmatprodusentar får selt varene sine etter avtale med kundane - gjerne på ein parkeringsplass som her.Foto: Rebekka Bond

Stor interesse

Her i landet er det Norsk Bonde- og Småbrukarlag, gjennom prosjektet Matnyttig, som har bidratt til å etablere dei første reko-ringane. For tre år sidan drog prosjektleiar Rebekka Bond til Sverige for å sjå og lære korleis det heile fungerte der.

Ikkje lenge etter vart den første norske ringen etablert i Ålesund. Sidan er det blitt ringar i mange byar og tettstader – og i alle fylka våre. Siste oppteljing viste om lag 80 reko-ringar og totalt 450.000 medlemmer. Omsetninga for 2019 låg på rundt 200 millionar kroner i Noreg.

– Det har vore ei enorm interesse for reko her i landet. Det tok av ganske raskt. Nordmenn er veldig klare for eit slikt opplegg, så vi har verkeleg treft spikaren på hovudet, fortel Rebekka Bond til Nynorsk pressekontor.

– Reko-ringen i Ålesund har fått stor oppslutning og vi merkar at folk bryr seg om lokal småskala matproduksjon og vil støtte opp om dette, fortel bonde Vibeke Evensen frå Toregarden naturfarm i Sykkylven. Garden produserer kjøt frå frilandsgris, økologiske grønsaker og egg som dei mellom anna sel i Ålesund.

– Utgangspunktet var å finne ein god salskanal for lokalmatprodusentar og skape ein møteplass for forbrukar og produsent – utan byråkratiske mellomledd. Vi såg at rekoringen var ein fin måte å gjere dette på, seier Rebekka Bond.

– Reko opnar for at vi som småskala bønder har ein salskanal direkte til kunden. Vi kan satse på produksjon med breidde i biologisk mangfald. Med breidde i lokalproduksjonen kan vi også bidra til ein betre mattryggleik lokalt om det skulle bli krisetider, seier bonde Vibeke Evensen.

Reko og korona

Og krisetider er det blitt. For mange småprodusentar har koronapandemien no gjort at reko er blitt einaste salskanal når restaurantar, kafear, marknader og festivalar har stengt.

Reko Norge opplyser på Facebook-sida si at nesten alle ringane held ope. Det er innført smittevernreglar slik at handelen kan gå føre seg på ein trygg måte.

Annonse

Ulike kundar og produsentar

Reko-medlemmene er menneske med ulik motivasjon til å vere med.

– Det er mange grunnar til at folk vel reko. For nokre er det viktig å kjøpe mat rett frå bonden, gjerne økologiske produkt. Andre vil støtte lokale bedrifter. Lokalpatriotismen står sterkt, men også miljøperspektivet. Gjennom reko kan det også vere høve til å få tak i matvarer som ikkje er å få kjøpt i ein vanleg daglegvarebutikk, seier Rebekka Bond.

Produsentane tilbyr eit variert sortiment innan lokalmat. Utvalet varierer sjølvsagt etter sesong, og frå ring til ring, men det er noko å kjøpe heile året. Her er alt frå konfekt, kaker og sjømat til dei som sel meir vanlege landbruksprodukt som grønsaker, egg, korn-, kjøt- og mjølkeprodukt.

Reko-ring er ein salskanal der lokalmatprodusentar får selt varene sine etter avtale med kundane - gjerne på ein parkeringsplass som her.Foto: Kari Hamre / NPK
Reko-ring er ein salskanal der lokalmatprodusentar får selt varene sine etter avtale med kundane - gjerne på ein parkeringsplass som her.Foto: Kari Hamre / NPK

Aktivitet held liv i ringen

– Folk saknar ferske grønsaker heile året og vi skulle gjerne hatt meir å tilby av dette om vinteren. Dess større mangfaldet er, dess meir populær blir ringen. Skal ein ring lykkast må det vere aktivitet. Produsenten må vere flink til å annonsere varer som kundane vil ha, og kundane må handle. At ein reko-ring har mange medlemmer betyr ikkje at alle kjøper noko. Og viss handelen er dårleg, gidd ikkje produsenten vere med. Så her må alle bidra for å halde liv i ringen, seier Rebekka Bond.

Når ikkje alle

At ringane berre eksisterer på Facebook gjer likevel at ein ikkje når ut til dei som ikkje har ein Facebook-profil.

– Vi har fått reaksjonar på dette. Og det er sjølvsagt eit dilemma at vi ikkje når ut til alle, men vi får førebels ikkje gjort noko med det. Reko-ringane skal vere gratis og ubyråkratiske. Det kostar mykje pengar å drifte ein nettbutikk til dømes. Reko er ein gjeng med entusiastiske, matglade folk som engasjerer seg, seier Bond.

Berekrafta i rekoringane

Universitetet i Søraust-Noreg (USN) er i gang med eit forskingsprosjekt om reko-fenomenet i Norden. Målet med Digifood-prosjektet er å sjå på reko som eit digitalt, berekraftig verdisystem for lokal mat.

Prosjektet utforskar måtar å organisere framtidige digitale matnettverk på og gir anbefalingar til korleis ringane kan gjerast meir robuste og berekraftige. Forskingsleiar er professor Per Egil Pedersen ved USN.

– Reko er tradisjonell torghandel i moderne digital og supereffektiv form. Reko er bra for dei små og mellomstore produsentane som ikkje har tilgang til kjedene og matmarknaden i dag. Og så er det bra for forbrukarane som både får meir mangfald, valfridom og lågare prisar, seier Pedersen.

Men han ser at distribusjonsmodellen kan vere sårbar.

– Facebook-grupper er ikkje meint å vere for sal av varer. Reko-ringane er i dag heilt avhengig av Facebook som plattform og er styrt utan ein formell organisasjon. Mykje av det ein gruppe-administrator bestemmer, kan vere avgjerande for korleis ein ring utviklar seg. Og så kan ein produsent som eventuelt driv på sida av lovverket ramme heile konseptet, meiner Pedersen.

Han trur reko-modellen kan lære oss mykje om kva som fungerer og ikkje for framtidige digitale matmarknader.

(©NPK)

Neste artikkel

Nå åpner flere av reko-ringene