Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Makrellstørje merkt for første gong

For første gong har forskarar klart å merkja ei makrellstørje i norsk farvatn.

Frivillige stongfiskarar og forskarar har jakta på makrellstørje utanfor Øygarden i Hordaland i ei veke. Målet er å merkja den største tunfisken i verda for å lære meir om kvar fisken svømmer. No har dei lukkast å merkja den første.

– Dette er ein historisk dag. Eg er særs letta over at vi har sett det første merket i ei størje, sa prosjektleiar Keno Ferter torsdag kveld til nettsida til Havforskingsinstituttet.

Annonse

Havforskingsinstituttet har fått løyve til å merkja tjue makrellstørjer. Til å hjelpa seg har forskarane med seg 70 utvalde fiskarar.

– Makrellstørja blei merkt på ein god måte, med proffe stongfiskarar og merkeekspert Sean Tracey bak merkestonga. Me gler oss til merket «ringjer heim» med data om eitt års tid, viss alt går etter planen, seier Ferter.

Merkeprosjektet held fram utover september og om eitt år får forskarane dataa dei vil ha. Då slepp merket, som har samla data om djup, temperatur og lysnivå, taket og sender desse til forskarane via satellitt.

Neste artikkel

EU mistenker prissamarbeid blant norske oppdrettere