Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Litt rømt laks er ikkje noko problem

Naturen ordnar opp sjølv når oppdrettslaks blandar seg med villaksen på gyteplassane i elvane, viser ein ny rapport.

Oppdrettsanlegg på Frøya i Trøndelag. Arkivfoto: Siri Juell Rasmussen.
Oppdrettsanlegg på Frøya i Trøndelag. Arkivfoto: Siri Juell Rasmussen.

– Me veit mykje, men noko av det viktigaste som står att i forståinga av innblandinga av rømt oppdrettslaks er kor stor konsekvensane blir for villaksen over tid, seier Kevin Glover til Dagens Næringsliv.

Glover leier ei forskingsgruppe ved Havforskingsinstituttet og er professor ved Universitetet i Bergen. Han jobbar med ein modell som viser korleis dei genetisk eigenskapane til villaksen blir påverka av rømt oppdrettslaks.

Modellen simulerer «forureining» av villaksen med rømt oppdrettslaks. Den ser på kva som skjer med gyteplassane alt etter kor mykje oppdrettslaks som kjem dit og kor lang tid det tek før plassane er «reine» igjen. Modellen er publisert i det anerkjende tidsskiftet Evolutionary Applications.

–Vi har lagt inn frå fem til femti prosent rømt oppdrettslaks på gyteplassane og simulert dette over 200 år. Ved låg til moderat innblanding, det vil seie mellom fem og ti prosent oppdrettslaks, ser vi nesten ingen forandringar over 50–100 år i storleiken på ung og vaksen fisk, kor mykje elva produserer og kor mange laks som kjem tilbake til elvane frå havet. Inntil ti prosent rømt oppdrettslaks er ei innblanding vi typisk ser i mange norske elver, seier Glover.

Neste artikkel

Endringer i klima har ført til mindre ørret i Jotunheimen