Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Liten risiko for at slakteria i Noreg blir smitteklynge

Fleire slakteri i Europa har blitt smitteklynger for koronavirus. Folkehelseinstituttet (FHI) meiner det er lite sannsynleg at det same skjer i Noreg, så lenge smittevernråda blir følgt.

Folkehelseinstituttet har hjelpt kjøtindustrien med råd for korleis dei effektivt skal handheve smittevernreglane på fabrikkane. Illustrasjonsfoto: Cornelius Poppe / NTB scanpix / NPK
Folkehelseinstituttet har hjelpt kjøtindustrien med råd for korleis dei effektivt skal handheve smittevernreglane på fabrikkane. Illustrasjonsfoto: Cornelius Poppe / NTB scanpix / NPK

Folkehelseinstituttet har hjelpt kjøtindustrien med råd for korleis dei effektivt skal handheve smittevernreglane på fabrikkane.

– Det består i at ingen med covid-19 symptom skal gå på jobb, ein meters avstand, i tillegg til andre hygieneråd, men elles blir slaktinga gjennomført i samsvar med normale rutinar, skriv seniorrådgivar Solveig Jorde ved smittevern, miljø og helse i Folkehelseinstituttet til NRK.

Dei meiner det er lite sannsynleg at vi får ei smitteklynge ved eit slakteri i Noreg.

Annonse

Slakteri kan vere spesielt utsett fordi dei tilsette arbeider tett og i høgt tempo. Omgivnadene er fuktige og kalde, og dei tilsette må ofte rope til kvarandre for å bli høyrde. Dette er omgjevnader koronaviruset trivst godt i.

Fungerande produksjonssjef i Nortura Vibeke Lamark seier dei har god smitteberedskap og kontakt med FHI.

– Vi har jobba for at smittevernreglane er kjent og blir respekterte på våre slakteri. Vi har arbeidd for å unngå at dei tilsette står for tett, eller at det blir for mange på pauserommet. I nokre tilfelle har vi også sett opp glasskjermar, seier ho.

(©NPK)

Neste artikkel

Mattilsynet mener det ikke er grunn til å frykte koronasmitte fra mat