Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Liten auke i sjømatforbruket

I 2019 auka sjømatforbruket med 0,58 prosent etter det i mange år har gått nedover, viser førebelse tal. Likevel et nordmenn nesten like mykje sukker som sjømat.

Foto: Colourbox
Foto: Colourbox

Tala frå første halvdel av 2019 viser at den vesle auken i sjømatforbruket kjem trass i at prisane på sjømat har gått opp med tre prosent, skriv Intrafish. Tysdag legg Sjømatrådet fram tala for heile 2019.

– Det kan sjå ut til at forbruket har stabilisert seg, og vi gleder oss til å sjå tala for siste halvår 2019, seier Renate Larsen, administrerande direktør i Noregs sjømatråd, til Intrafish.

Ho seier det er spesielt utførande å nå ut til unge med informasjon om sjømat i kosthaldet. Ungkost-undersøkinga viser at ein gjennomsnittleg åttandeklassing et nesten meir godteri i veka enn han et fisk.

Annonse

– Det er eit potensial for sjømat gjennom at han er viktig for helse og eit sunt kosthald, i tillegg til at den er ein klimavennleg matvare. Men det er vanskeleg å nå gjennom til forbrukarane, innrømmer Larsen til Intrafish.

Det er ikkje berre i Noreg at sjømatforbruket har gått nedover i fleire år. Trenden som har vist seg i fleire land er at prisane aukar, men forbruket går nedover.

– Sjølv om verdien av norsk sjømateksport aukar og prisane går opp både her og i utlandet, ser vi ein lik nedgang i forbruket i fleire av eksportmarknadane og her heime, fortel Larsen til Intrafish.

Neste artikkel

Ny dødsrekord for oppdrettslaks