I over ti år har det vore strid mellom Norge og EU om bruk av fiskemjøl i dyrefôr. Utbrotet av kugalskap i Storbritannia førte til forbud mot fiskemjøl i fôret til drøvtyggjarar òg i EØS-området.
Norge har lenge kjempa imot strenge EU-restriksjonar om separate produksjonslinjer for andre delar av fôrproduksjonen. Sist veke bestemte likevel landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) at Norge vil gå med på å innføre EU-krava.
Les også: Hysj, Norge bruker fiskemel i fôr...
Fiskemjøl-striden med EU
Etter utbrotet av kugalskap i Storbritannia innførte EU forbod mot fiskemjøl i drøvtyggjarfôr.
Då forbodet skulle innlemmast i EØS-avtalen i 2002 bad Norge om unntak, noko EU ikkje aksepterte.
Frå 2006 har EØS-avtalen hatt krav om å skilje produksjon av fôr med og utan fiskemjøl, men partane har ulikt syn på praktiseringa.
I fjor varsla ESA at dei ville trekkje Norge inn for EFTA-domstolen om ikkje regelverk og praksis blei endra.
I Norge er det lang tradisjon for òg å hente fôr frå havet til husdyr og det er aldri påvist kugalskap i Norge.
Kjelde: Landbruks- og matdepartementet
Kan bli erstatta med soya
Fiskemjøl i fôret skal ha særleg positiv effekt for grisungar og små kyllingar, og blir òg set på som viktig for økologiske produksjonar. I dag skjer den norske produksjonen av fôr med og utan fiskemjøl på same produksjonslinje, men på ulike tidspunkt og med strenge hygienekrav.
Les også: Mattilsynet åpner for beinmel som laksefôr
Det er likevel ikkje nok for EFTAs overvakingsorgan ESA. Dei krev at produksjonslinjene for fôr med og utan fiskemjøl skal vere fysisk separert. Det vil krevje store investeringar og bli kostbart, ifølgje styresmaktene.
«Heilt separate produksjonslinjer vil gi stort investeringsbehov, auka driftskostnader, vesentleg endra logistikk og vil vere konkurransevridande for norske fôrfabrikkar og for norsk landbruk», skriv Landbruks- og matdepartementet (LMD) til ESA.
Dei skriv vidare at det er mogleg, men ikkje ønskeleg, å slutte og bruke fiskemjøl i fôret.
«Fjerning av fiskemjøl frå fabrikkane vil føre til eit auka og ikkje berekraftig behov for å importere soya frå land utanfor EØS», skriv LMD.
Dei viser vidare til at det ikkje skal vere risiko for å få kugalskap frå fiskemjøl, at fiskemjøl er GMO-trygt og at det også skal bidra til ein vesentleg reduksjon i bruken av antibiotika.
Listhaug beklagar
Listhaug beklagar sterkt avgjerda om å innføre EU-reglane.
– Det er synd. Reglane er heilt overflødige med tanke på mattryggleiken, men dei vil ha negativ betydning for fôrproduksjonen. Særleg for svin og kylling. Det er eit regelverk som aldri burde blitt innført, seier ho.
«Reglane er heilt overflødige med tanke på mattryggleiken, og dei vil ha negativ betydning for fôrproduksjonen.»
Les også: 70 prosent av fiskefôret kommer frå kornråvarer
Listhaug seier ho ikkje veit kor stor innsats den førre regjeringa la ned for å stoppe reglane, men ho seier innsatsen tydelegvis ikkje har gitt resultat.
– Har du hatt kontakt med EU om saka?
– Nei, men sjølv om vi nå må innføre reglane vil vi jobbe vidare mot EU for å prøve å påverke dei til å endre krava, seier Listhaug.
Listhaug seier konsekvensen av å innføre reglane kan bli større investeringar for landbruket og dyrare kraftfôr.
– Blir auka fôrkostnad kompensert i jordbruksoppgjeret?
– Eg ser ikkje det som naturleg. Det er ei sak næringa må løyse.
– Auka kostnader kjem uansett inn i jordbruksoppgjeret?
– Det vil ta tid før kostnadene slår inn. Det skjer ikkje i morgon. Det vil måtte bli ei tilpassing over tid. Dette er ikkje noko vi ønskjer, men det er eit resultat av at den førre regjeringa ikkje klarde påverke EU, seier ho.
Listhaug seier regjeringa vil gå dialog med ESA om korleis og når dei nye reglane skal gjennomførast i praksis.
Fryktar konsekvensane
Administrerande direktør Knut Røflo i Felleskjøpet Fôrutvikling seier det er gunstig å ha fiskemjøl i fôret, spesielt for unge, einmaga dyr. Han seier konsekvensen av avgjerda kan bli at fiskemjøl bli erstatta med andre proteinvarer og at fôret blir dyrare. I startfôr til unge einmaga dyr kan det vere over fem prosent fiskemjøl, men i snitt for gris og kylling reknar han med at fiskemjølet utgjer mindre enn ein prosent av råvarene.
– Sjølv om det er lite i prosent, så er det ein viktig ingrediens. Spesielt for unge dyr blir det meir krevjande å lage godt fôr, seier han og viser til at endringar lett kan få følgjer for dyrehelse og dyrevelferd.