Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Laksegründer vurderer utflagging om det blir lakseskatt

Måndag kom det forslag om ein ny grunnrenteskatt i oppdrettsnæringa. Laksegründer og milliardær Ola Braanaas vurderer utflagging dersom forslaget blir vedtatt.

Måndag kom det forslag om ein ny grunnrenteskatt i oppdrettsnæringa. Laksegründer og milliardar Ola Braanaas vurderer utflagging dersom forslaget blir vedtatt. Arkivfoto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

– Går forslaget gjennom er eg usikker på om eg vil drive vidare i Noreg. Det er demotiverande. Då vil eg heller realisere verdiane i selskapet og flytte til eit annan stad i verda der dei er meir opptatte av verdiskaping enn i Noreg, seier Braanaas til Dagens Næringsliv (DN).

Annonse

Han eig Firda Seafood Group, som i fjor omsette for over 700 millionar kroner og hadde ein driftsmargin på 23 prosent. Han dobla òg formuen sin frå ein halv til ein heil milliard kroner frå 2017 til 2018.

Også fiskerigründer Gerhard Alsaker, som eig Alsaker Fjordbruk, er skeptisk til det nye skatteforslaget. Han auka formuen sin frå ein milliard i 2016 til 1,6 milliardar kroner i fjor.

– Eg veit ikkje om eg skal le eller grine. Det verkar som at dei som tenar mykje skal skattleggjast hardare, seier Alsaker til DN.

Neste artikkel

Norske laksegiganter etterforskes for prissamarbeid i USA