Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kraftkommunar mobiliserer for kraftskatten

Norske kraftkommunar mobiliserer for å kjempe mot nye skattereglar. – Vi er svært misnøgde og kritiske til dei foreslåtte regelendringane, seier leiaren for interesseorganisasjonen til kraftkommunane.

LVK har 175 medlemskommunar. Torsdag var representantar frå desse kommunane samla i Oslo for å diskutere framlegget til nye skattereglar i vasskraftnæringa. Illustrasjonsfoto: Morten Holm / NTB Scanpix / NPK

– Vi ønsker at skatte- og konsesjonsordningane for kommunane, slik dei er i dag, blir vidareførte, seier leiar i Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK) Torfinn Opheim, som saman med Naturressurskommunane arrangerte seminaret der representantane frå kraftkommunane var samla.

Det var måndag at eit ekspertutval leia av tidlegare sjef i Noregs vassdrags- og energidirektorat, Par Sanderud, la fram forslag til store endringar i skattereglane for kraftselskap. Utvalet tilrår å fjerne ordninga med såkalla konsesjonskraft. Den inneber at vertskommunane for kraftanlegga skal få inntil 10 prosent av krafta svært billig. Den kan dei deretter selje vidare i marknaden med forteneste.

Dette inneber igjen at vertskommunane vil misse nesten 3,7 milliardar kroner i skatteinntekter. Ekspertutvalet hevdar at dei vil kompensere reduksjonen i skatteinntekter med andre inntekter frå staten.

– Dette er eit enormt inntektstap for medlemskommunane våre. Fleire kommunar vil tape store millionbeløp og det kan få store konsekvensar for blant anna tenestetilboda i kommunane, seier Opheim til Nynorsk pressekontor.

Skeptisk til kompensasjon

I framlegget frå utvalet går det fram at kraftkommunane skal bli økonomisk kompenserte for tapet i skatteinntekter. Dette har ikkje Opheim og LVK tru på.

– Historisk sett har kompensasjonsløysingar vist seg å fungere dårleg. Då medlemskommunane våre valde å satse på vasskraftutbygging, var det med føresetnad om stabile inntekter i lang tid, påpeikar han.

– Dessutan medfører kompensasjonsløysingane mykje mindre føreseielegheit fordi ein blir avhengige av tildelingar, legg han til

Store tap for kommunane

For enkelte kommunar kan dei nye reglane innebere svært store inntektstap.

Annonse

NRK skriv blant anna at kraftkommunane i Hordaland kan tape over 465 millionar på skatteendringane. Ifølgje rikskringkastaren er det Kvinnherad og Odda som vil tape mest i Hordaland.

Også Eidfjord kommune kan få store inntektstap som følgje av endringane.

– Framlegga er meir dramatiske enn vi kunne drøymt om. Eidfjord kommune vil miste 40–50 millionar kroner i inntekt på eit budsjett på 160 millionar kroner. Det vil forandre den økonomiske kvardagen i kommunen, seier ordførar Anved Johan Tveit i Eidfjord til Aftenposten.

I eit dokument på nettsida til LVK står det òg at Suldal kommune vil tape om lag 78 millionar kroner, Sirdal kommune om lag 60 millionar, Vinje kommune om lag 59 millionar, Bykle kommune om lag 58 millionar og Aurland kommune om lag 48 millionar.

Politisk motvilje

Fleire av dei politiske partia er skeptiske til framlegga frå ekspertutvalet. Regjeringspartiet Høgre har ikkje offisielt tatt stilling til framlegget frå utvalet. Under trontaledebatten torsdag gjekk likevel parlamentarisk leiar Trond Helleland i Høgre langt i å avlyse endringane i kraftinntektssystemet.

– No har utvalet nettopp lagt fram innstillinga si, men personleg har eg vore veldig opptatt av dette i mange år fordi eg har vakse opp i ein skikkeleg god kraftkommune som heiter Ål. Eg meiner kraftkommunar bør få behalde desse inntektene i ei eller anna form, sa han frå talarstolen på Stortinget torsdag, ifølgje Nationen.

Regjeringspartiet KrF og opposisjonspartia Senterpartiet, SV og Arbeidarpartiet har òg uttrykt at dei er usamde med framlegget frå ekspertutvalet. Parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad, kalla framlegget sentralisering av verste sort.

Opheim og LVK varslar òg at dei vil gå ut breitt politisk for å hindre at tilrådingane blir gjennomførte.

– Vi vil halde oppe eit sterkt politisk press både sentralt og lokalt for å hindre at endringsforslaga blir gjennomførte, fortel LVK-leiaren.

Neste artikkel

Aksjonerer for å beholde Nortura-slakteri på Otta