Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kraftig auke av salmonella

Talet på tilbaketrekkingar hos Matportalen på grunn av salmonella har gått kraftig opp. Dei fleste tilfella er knytte til kjøtt frå utlandet.

Dei aller fleste tilfella av salmonella er knytte til kjøtt som er importert. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Dei aller fleste tilfella av salmonella er knytte til kjøtt som er importert. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Viss det er mistanke om eller blir påvist smitte av salmonella i ei matvare i Noreg, blir vara trekt frå marknaden. Fram til no i 2021 har det vore tolv tilbaketrekkingar av matvarer grunna mistanke om eller påvist salmonella. Til samanlikning var det to i 2018 og fire i 2019, skriv NRK.

Annonse

Mattilsynet forklarer at dei aller fleste tilfella er knytte til kjøtt som er importert til Noreg. Import av kjøtt og kjøttvarer er nærast dobbelt så stor i år som på same tid i fjor målt i verdi, ifølgje tal frå SSB.

(©NPK)

Neste artikkel

Gartnerforbundet jublar for nye innreisereglar. For nokon er det allereie for seint