Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Klart for ny internasjonal siderfestival i Hardanger

Fredag 31. mai er det kickoff for den nystarta Hardanger internasjonale siderfestival i Odda.

I månadsskiftet mai/juni er det klar for ein nystifta siderfestival i Hardanger. (Illustrasjonsfoto: Kari Hamre/NPK)
Annonse

Siderfesten er namnet på den nystarta festivalen som vil visa fram dei beste siderane frå heile verda. I tillegg til ost- og sidersmaking i Odda, blir det busstur til lokale siderprodusentar i området. På turen skal festivaldeltakarane ifylgje arrangørane få smaka på nokre av dei mest nyskapande siderane i Noreg.

Festivalen går i år føre seg frå 31. mai til 1. juni og er meint som ein kveik for festivalen neste år då arrangørane tek sikte på eit endå større arrangement med både epledrikke, god mat og bra musikk.

Neste artikkel

Helgeland-aktivister: – Vi har ikke blitt hørt