Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Klarsignal for oppdrett midt i Hardangerfjorden

Med knapt fleirtal har heradsstyret i Kvam kommune gått inn for å opne for akvakultur sør for Kvamsøy i Hardangerfjorden. Det vekte sterke kjensler, både hos politikarar og innbyggjarar.

Heradsstyret i Kvam kommune har gått inn for å opne for akvakultur sør for Kvamsøy i Hardangerfjorden. Her ser vi Sørfjorden, som er ein arm av Hardangerfjorden. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK
Heradsstyret i Kvam kommune har gått inn for å opne for akvakultur sør for Kvamsøy i Hardangerfjorden. Her ser vi Sørfjorden, som er ein arm av Hardangerfjorden. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Framlegget om å opne for akvakultur sør for Kvamsøy er ein del av kommuneplanen i Kvam for 2019–2030. Kommuneplanen blei vedteken med 14 mot 13 røyster i eit møte i heradsstyret i Kvam tysdag ettermiddag. Det skriv NRK.

– For fleirtalet sin del har det vore viktig å vedta ein framtidsretta kommuneplan, som legg til rette for verdiskaping og utvikling i fjorden vår, seier ordførar Jostein Ljones (Sp) i Kvam til rikskringkastaren.

Annonse

Under møtet tok partikollegaen til Ljones, Marit Buttingsrud, til tårene frå talarstolen. Ho la ikkje skjul på at spørsmålet om plassering av eit akvakulturområde ved Kvamsøy har vore svært vanskeleg å ta stilling til. Ho ville likevel støtte partiet sitt og røyste ja.

Utanfor møtelokala hadde det òg møtt opp ei rekke demonstrantar. Dei var svært misnøgde med avgjerda frå heradsstyret.

– Vi er utruleg skuffa, men er ikkje klare til å gi oss, sa ein av demonstrantane, Katrine Froestad, til NRK rett etter avstemminga.

Oppdrettsselskapet Lingalaks har tidlegare ytra eit ønske om å flytte anlegget sitt i Fyksesund til området sør for Kvamsøy.

Neste artikkel

Kvifor me bør innføre særskatt på grunnrente i oppdrett?