I ein rapport frå NORCE og Universitetet i Stavanger vert det forklart at investeringar i sjømatnæringa ligg an til å nå nye rekordar i år, skriv E24. Sidan 2000 har det vorte investert over 115 milliardar kroner i næringa, og dei siste seks åra har investeringane dobla seg og ligg an til å verte på 14 milliardar kroner i år.
– I Norge har vi sterke klynger som gjer at vi i framtida ser at norsk havbruks- og fiskeriteknologi kan bli ei viktig eksportvare på lik linje med råvara sjømat som vi eksporterer i dag, seier Sverre Johansen, direktør for industri i Sjømat Norge.
Rapporten er finansiert av Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfinansiering (FHF).
(©NPK)