Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Investerer i teknologi for å produsere dyrefôr ved bruk av metan

Investoren BP Ventures har investert 30 millionar dollar i den alternative proteinprodusenten Calysta, Inc., som vil bruke naturgass frå BP til å produsere protein til husdyr, fisk og husdyrfôr.

FeedKind®-protein. Foto: Calysta

Gassfermenteringsteknologien til Calysta produserer FeedKind®-protein, eit berekraftig råstoff som kan brukast til fisk, husdyr og ernæringsprodukt til kjæledyr. Dette proteinet kan vere ei berekraftig erstatning for andre proteinkjelder som no blir bruk – til dømes fiskemjøl og soyaproteinkonsentrat, skriv magasinet All About Feed.

Under FeedKind-prosessen dyrkast ein naturleg bakterie, som finst i sunn jord i heile verda, i ei proprietær gjæring ved bruk av metan som karbon og energikjelde. Dette skaper eit eincella protein som haustast og tørkast før det blir pelletert.

Annonse

– Ved å kople saman Calysta sin spanande teknologi og entreprenørskap med BP sin globale skala og kompetanse på gassmarknaden, tilbyr dette partnarskapet moglegheita til å betre mattryggleik og berekraft for verdas veksande befolkning, seier Dominic Emery, konsernsjef for strategi i BP til nettstaden.

BP si investering vil gi Calysta moglegheit til å utvide produksjonen sin av FeedKind®-protein, og støtte ambisjonen om ei global utrulling.

Neste artikkel

Engelsk universitet forbyr storfekjøtt