Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hotel Ullensvang jaktar på nye eigarar

Gjennom fem generasjonar har familien Utne bygd opp og drive Hotel Ullensvang på Lofthus i Hardanger. No blir det tradisjonsrike hotellet lagt ut for sal.

Sjølv om det er vemodig, har hotellekteparet Hans Edmund H. Utne og kona Barbara Zanoni Utne kome til at det er rett å selja Hotel Ullensvang. Dei er femtegenerasjon som driv det familieeigde hotellet på Lofthus i Hardanger. Foto: Espen Braata / Hotel Ullensvang
Sjølv om det er vemodig, har hotellekteparet Hans Edmund H. Utne og kona Barbara Zanoni Utne kome til at det er rett å selja Hotel Ullensvang. Dei er femtegenerasjon som driv det familieeigde hotellet på Lofthus i Hardanger. Foto: Espen Braata / Hotel Ullensvang

– Me har vurdert eigarforma grundig, og er komne til at i eit langsiktig perspektiv finst det betre måtar å utvikla hotellet vidare og sikra arbeidsplassane på enn gjennom eit familieeigarskap. Me har difor bestemt oss for å sjå om me kan finna nye eigarar, seier hotelleigar Hans Edmund Utne i ei pressemelding.

Saman med kona Barbara Zanoni Utne er han den femte generasjonen som eig og driv hotellet, som tippoldefaren Hans Utne grunnla i 1846. Hotellet har så langt valt å stå på eigne bein utanfor dei store hotellkjedene. Det meiner ekteparet har vore rett, men på sikt trur dei ikkje at eit familieeigarskap lenger er den beste løysinga.

– I den store reiselivsverda vert me små, seier Utne og peikar på at reiselivsbransjen blir stadig meir global.

Annonse

Sjølv om avgjerda om å selja hotellet er vemodig, meiner hotellekteparet det er rett både med omsyn til hotellet, dei tilsette og eigen familie. No er dei opptekne av å få finna dei rette eigarane til å ta over det tradisjonsrike hotellet. Dei kan like gjerne koma frå utlandet som frå Noreg, meiner Utne, som i samband med salet har engasjert rådgjevingsselskapet CBRE med eit verdsomspennande nettverk.

– Uansett om det skulle visa seg å vera ein einskild person, eit selskap eller ei hotellkjede, er me opptekne av å finna nokon som forstår verdien av den lokale forankringa og kulturen som har vore eitt av fortrinna til Hotel Ullensvang heilt sidan starten, seier Utne.

Det er uvisst kor lang tid prosessen med salet vil ta. Utne ser ikkje bort frå at ein ny eigar kan vera på plass allereie til sommaren, men er også budd på at det kan ta lengre tid før den rette kjøparen dukkar opp.

I tillegg til rådgjevingsselskapet CBRE er også advokatfirmaet Adviso i Ålesund og kommunikasjonsselskapet First House i Oslo engasjerte som rådgjevarar i prosessen.

Neste artikkel

Raja ber nordmenn oppdage norske kulturinstitusjoner i sommer