Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Havvind kan gi store utsleppskutt

Storskala havvind i Noreg kan gi store utsleppskutt både lokalt og globalt. I tillegg vil ei satsing på havvind leggja til rette for omfattande eksport av teknologi frå Noreg.

Storskala havvind i Noreg kan gi store kutt i utsleppa både lokalt og globalt, meiner ABB og Zero. Foto: ABB

Det viser eit notat selskapet ABB og miljøstiftinga Zero lanserer i samband med Zerokonferansen 2018. Notatet peikar på at tre gigawatt (GW) havvind i Noreg i 2030 blant anna kan redusera utsleppa frå offshoresektoren med ein tredel og skapa teknologieksport for 50 milliardar kroner.

– Med storskala havvindproduksjon i Noreg kan me få både i pose og sekk. Med ein visjon om tre GW havvind i 2030 kan me både kutta store utslepp av skadelege miljø- og klimagassar i tillegg til skapa betydelege næringsmoglegheiter for eksport av teknologi, og dermed bidra til ein global klimaløysing, seier dagleg leiar Marius Holm i Zero i ei pressemelding.

ABB og Zero meiner Noreg bør ha som mål å eksportera utstyr til havvindindustrien for minst 50 milliardar kroner i 2030. Det er om lag ti prosent av verdsmarknaden.

Annonse

– Forutan å leggja til rette for utsleppskutt på ein tredel frå offshorenæringa, som isolert sett er svært viktig for det grøne skiftet, kan storskala utvikling av vindkraftteknologi bli eit nytt eksporteventyr, seier administrerande direktør Steffen Waal i ABB i Noreg.

Han seier samstundes at det hastar å komma i gang for å kunne ta ein leiande posisjon globalt.

• Les Nationens reportasjar om vindkraft, frå serien «Kampen om naturressursane»:

Neste artikkel

Har vi det for godt?