Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gruveaksjonistar får pengehjelp

Organisasjonen Redd Villaksen gir 50.000 kroner til protestaksjonen som Natur og Ungdom driv mot gruvedrift i Engebøfjellet i Sogn og Fjordane.

Natur og Ungdom-aksjonistar protesterar mot gruvedrift i Engebøfjelletførre veke. Foto: Torgeir Vestre / Natur og Ungdom
Natur og Ungdom-aksjonistar protesterar mot gruvedrift i Engebøfjelletførre veke. Foto: Torgeir Vestre / Natur og Ungdom

Redd Villaksen meiner aksjonistane gjer eit viktig arbeid som det er verdt å støtte.

Men styreleiar Jens Olav Flekke presiserer overfor NRK at pengane skal gå til mat og drikke, og at dei vil ha dokumentasjon på utlegga i etterkant.

Organisasjonen har tidlegare støtta aksjonen mot eit tilsvarande gruvedeponi i Repparfjorden i Finnmark med eit tilsvarande beløp.

Annonse

Ungdommar frå Natur og Ungdom lenka seg tysdag førre veke fast i Engebøfjellet for å hindre gruveselskapet Nordic Mining i å starte prøveboringane sine etter mineralet rutil.

Over 2.000 frivillige skal ha meldt seg på sivil-ulydnad-aksjonane mot den omstridde gruvedrifta og det planlagde avfallsdeponiet i Førdefjorden. (©NPK)

Neste artikkel

Findus seier norsk tollvern for grønsaker har stått stille sidan 1997