Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gransking: Indikasjon på menneskehandel i fiskeindustrien

A-krimsenteret i har granska fiskeindustrien i Nordland etter indikasjonar på menneskehandel og påstandar om slavearbeid.

– Vi har sett gjennomgåande brot på lovverket hos dei kontrollerte. I ein del tilfelle er det snakk om alvorlege saker, seier leiar Lars-Jørgen Gunnestad ved A-krimsenteret i Nordland til Dagbladet.

Etter mange signal om utnytting av utanlandske arbeidarar i fiskeindustrien i fylket sette A-krim, som er eit samarbeid mellom politiet, Skatteetaten, Arbeidstilsynet og Nav, i gang operasjonen «Blue Silence» i fjor.

I år aksjonerte dei mot 20 fiskebruk i Lofoten og Vesterålen og kan rapportere om svart arbeid, inga overtidslønn, truslar frå arbeidsgivar, dårlege og ulovlege buforhold, brot på arbeidsreglar, skyhøg husleige som «payback» frå arbeidsgivar og arbeidsavtalar med ei timelønn på 40 kroner.

Annonse

Gunnestad viser òg til det dei meiner er indikasjonar på menneskehandel.

– Arbeidarane veit ikkje alltid kva dei går til. Når dei skjønner at dette arbeidet ikkje passar for dei, vil dei kanskje reise heim, men har ikkje pengar til heimreisa. Dei blir nekta utbetaling av lønn. Då har dei jo få andre alternativ enn å bli – ufrivillig.

Gunnestad fortel at det er sett i verk sanksjonar etter aksjonen, men at hovudføremålet var å skaffe kunnskap for å setje i verk tiltak.

Neste artikkel

Sjømatnæringen vil ha momskutt etter nedgang i fiskespising