Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forskarar forsvarer sjødeponi

Å lagra gruveavfall i sjødeponi er tryggare enn å laga slikt avfall på land, viser ei ny doktorgradsavhandling.

Å lagra gruveavfall i sjødeponi er tryggare enn å laga slikt avfall på land, viser ei ny doktorgradsavhandling. Foto: Marit Hommedal

Dei siste åra har det vore mykje diskusjon om sjødeponi i Førdesfjorden i Sogn og Fjordane og Repparfjorden i Finnmark. Mange er kritiske til slike deponi, men Yulia Mun ved UiT Noregs arktiske universitetet har funne at lagring på land er meir skadeleg for miljøet enn lagring i sjø, fortel den populærvitskaplege nettavisa geoforskning.no.

Resultata byggjer på undersøkingar ho har gjort av gamle deponi i Noreg på sjø og land.

Annonse

Doktoravhandlinga hennar blir ferdig neste år, men den førebelse konklusjonen er at sjødeponi ikkje er så ille som folk vil ha det til, fortel nettavisa.

Mun og rettleiaren hennar, førsteamanuensis Sabina Strmic Palinkas, peikar på at det finst mange døme både her i landet og i Europa som støttar opp om funna deira.

Ei av årsakene til at det er meir risikabelt å lagra gruveavfall på land er at slike deponi kan bli utsette for luft og regnvatn, og at det kan leka ut metall, medan lagring i sjødeponi er meir stabilt.

Ifylgje geoforsking.no er det også mange andre forskarar som meiner at sjødeponi i mange tilfelle er den beste måten å lagra gruveavfall på.

Neste artikkel

Norge faller fem plasser på miljørangering