Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fleire av oss boikottar varer

Nordmenn lèt vere å kjøpe produkt som er laga under dårlege arbeidsvilkår, har ein produksjon som øydelegg miljøet eller strir mot menneskerettane.

Illustrasjonsfoto: Mostphotos

gMedan det for tre år sidan var 40 prosent av befolkninga som boikotta enkelte varemerke, er det no 56 prosent som gjer det same, skriv Dagsavisen.

Tala er henta frå ei spørjeundersøking med 1.003 deltakarar frå 18 år og oppover. Ho er utført av Forbruksforskningsinstituttet SIFO på oppdrag frå Amnesty International Noreg.

– Eg lèt vere å kjøpe visse tomatboksar på grunn av slavearbeid i Italia, fortel generalsekretær John Peder Egenæs.

Annonse

Dei fleste boikottar varer på grunn av brot på menneskerettar. Andre grunnar er internasjonale konfliktar, dårlege arbeidsvilkår og saker som gjeld klima og miljø.

– Det at så mange fleire boikottar enn før, tyder på at medvitet og kunnskapen om måten varer blir produsert på, er aukande, seier Egenæs.

Trass i at over halvparten av oss boikottar visse varer, trur så mange som 65 prosent at samfunnsutviklinga ikkje blir påverka av denne typen kjøpenekt.

Neste artikkel

Kundene tjener på tøff konkurranse!