Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fiskeslam skal bli gjødsel i Asia

Fiskeavfall frå oppdrettsnæringa har lenge vore eit miljøproblem, no har ei bergensbedrift funne ei løysing. Dei vil gjere avfallet om til næringsrik gjødsel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB Scanpix / NPK

Det er nettstaden Sysla.no som skriv om selskapet Bioretur. Dei driv store reinseanlegg som samlar opp og filtrerer fiskeslam før det til slutt blir tørka.

Det tørka fiskeslammet blir så sendt til Asia der det blir brukt til gjødsel. Gjødsla inneheld sink og kalsium som er årsaka til at det ikkje kan bli brukt i Noreg eller EU, men det inneheld òg mykje fosfor og nitrogen. Dette er det stor etterspørsel etter i Asia.

Annonse

– Vi har fått auga opp for den internasjonale marknaden. I Noreg badar vi i organisk gjødsel og har eit stort overskot av fosfor, medan sør for ekvator er etterspørselen mykje større, seier Steinar Wasmuth administrerande direktør for Bioretur til Sysla.

Fiskeslam hamna før i fjorden, men dei siste ti åra har det kome nye krav om oppsamling frå landbaserte smolt- og oppdrettsanlegg. Difor er det stor etterspørsel etter gode løysingar for handsaming av avfallet.

– Handlingsrommet for å bli kvitt fiskeslam blir mindre og mindre for oppdrettsnæringa, så dette vil bli ein «game-changer» for heile bransjen, fortel Wasmuth.

Neste artikkel

Tøff start på livet for laksen