Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fiskekaker og fiskepinnar er sunt

Det er mange viktige næringsstoff å hente i prosessert fisk som fiskekaker og fiskepinnar, ifølgje ein ny studie.

Det er mange viktige næringsstoff å hente i prosessert fisk som fiskekaker og fiskepinnar, ifølgje ein ny studie. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix/ NPK

– Du må ikkje ete filet eller rein fisk for å få i deg viktige næringsstoff, det er òg mange næringsstoff i prosesserte fiskeprodukt, seier stipendiat Synnøve Næss ved Havforskingsinstituttet på nettsidene deira.

Ho er ein av forskarane bak ein ny artikkel som har undersøkt næringsinnhaldet i 35 prosesserte fiskeprodukt.

Forskarane gjorde òg uventa funn i nokre av produkta.

Annonse

– Eg er overraska over kor mykje vitamin D vi fann i nokre av fiskekakene, seier Inger Aakre, ein av dei andre forskarane bak studien.

Forskarane såg likevel store skilnader i næringsinnhald mellom produkt i same kategori.

–Det er betre å velje dei produkta med mest fisk, seier Næss.

Studien er gjennomført i samarbeid med Mattilsynet

Neste artikkel

Norgesmester i rakfisk konkurs etter listeria-problemer